Heimelaga frå Dalastova. Dalastova stilte med mykje heimelaga, fine og praktiske julegåver til den som har alt anna.
Inger sjekkar at kakebordet er i orden, mange gode kaker og rjømegraut laga av kjøkkenpersonalet skal selgast.
Sol og Eldfrid er trufaste loddselgarar som har stilt opp for Hjørundfjordheimen i mange år.
Mange flotte gevinstar, gitt av lokale kjøpmenn(damer), privatpersonar og bedrifter.
Noko for einkvar smak, mange kjøpte lodd og mange vann flotte gevinstar.
Vår nye "skjef" Marie Helen Follestad ønsker velkomen for fyrste gong til open dag,
ho fortalde litt om året som har vore og planane om drifta vidare.
Mange hadde møtt fram, bygdafolk, bebuarar og pårørande kosa seg saman denne fredags ettermiddagen.
Einar Saure fortalde frå ei svunna tid til stor glede for gamal og ung.
Og Oddhild takka og sikra seg ein klem.
Magnus Skjærdal hadde mange fine låtar på programmet. Mange kjende og nokre ukjende.
Tusen takk til kjøkkenet som hadde laga deileg rjømegraut og flotte kaker.
Bygdafolk i hyggeleg prat.
Forbredelsar må til, er alt på plass no?
Syskena Agnes og Arne med kvar si datter, Eli og Annlaug, kosa seg.
Mykje folk var innom, kjekt!
Stova var heit fullsatt og folk kosa seg.
Koseleg å møtast syns desse damene.
God graut syns Hanne, Elisabeth og Oddhild.
Litt bilder av dei som var der.
Koseprat.
Vi takkar alle som møtte opp og støtta oss denne dagen, håpar alle hadde ein koseleg ettermiddag!
Kommentarar