Elverampa.
Ved småbåthavna møttest me, medan sola framleis brann i fjella.
Bente, Marit og Kjersti.
Tore og Haldis.
Starten gjekk,og vi sette i veg.
Ti i flokken!
Suste forbi benkar og flotte sitteplassar med blomster i krukker.
Tørt og fint med flotte fargar på treda.
Elverampa er god å gå, nyrydda og fin.
Himmelen gløder med eit glimt av sol til oss.
Lettskya med flotte fargar, vakkert å sjå på.
Refleksvestane lyser godt i blitsen når det skymest.
Haldis og Randi.
Ståle og Ingebjørg er trufaste turvenar og er flittige på tur i lag med oss.
Etter Holebrua er ei lang bein strekning.
Godt vi er folk då.....
Brua heldt oss godt.
Alle kom trygt over uten tvil.
Fint bordpynt ved rasteplassen.
Røyksoppane er flotte.
Lang rekke langs marka.
No er vi nesten framme ved Kvistad bru.
Bente, Marit, Kjersti, Kari, Ingebjørg, Ståle, Tore, Haldis, Randi og Bodil.
Vidare gjekk vi oppover mot Aklestad.
Rikeleg med velsmakande fårikålemne.
Ei flott pynta trapp på vår veg, vakkert.
No er det vanskelig å ta bilder med godt resultat, for mørkt.
Bente, Haldis og Randi ved ein fin steingard.
På Gamlerise var det greit å ha lys når vi skulle lese på steinen, vi gjekk bortatt på Elverampa ved fellesfjøsen då fekk vi skrive ei helsing i boka som er på Elverampa.
Bruk gjerne denne boka til å skrive vèret, eller andre observasjonar på din tur på Elverampa.
Fin og enkel tur som avsluttning på sesongen.
Tusen takk for laget på denne turen og på alle dei andre turane gjennom ein heil sesong.
Tusen hjarteleg takk til alle som les og fyljer oss på portalen, det set vi stor pris på.
Alle som vil er velkomne på Klubbhuset neste måndag til ei avsluttning på sesongen.
På aktivitetskalenderen kan du finne kva tid ,når vi har bestemt dette.
Husk for all del å levere fjellbingoen, no er det trekking om flotte premiar!
Vel møtt!
Kommentarar