Bjørke får i helga besøk av Hornmusikken i Austefjorden.Etter at dei har spelt ned i Austefjorden på fredag, so er vi so heldige at dei og vil spele her borte på søndag.
 
Det har ikkje vore hornmusikk på Haukly på lenge no.

Vi gler oss til å få høyre dei spele her på ungdomshuset igjen.
Hornmusikken på Bjørke blei lagd ned, so vi set pris på at dei frå austefjorden
kan kome å spele til oss både på 17. mai og på musikkafearpå Haukly.

Det er og viktig for bygda her at vi har denne musikken, so dei støtter vi gjerne.
Det er kjekt at barna i bygda no får vere med i Austefjorden og lære å spele der.
Vi gler oss til å få høyre aspirantene spele denne søndagen.
                
Det skal bli mulighet å kjøpe seg varme mat og so klart tid for kaffi og en gode prat.

Håper mange tek søndagsturen til Haukly på søndag(kl 14)og høyrer på flott musikk og
treff kjente.

Støtt eit viktig tiltak for bygdene.

Alle hjertelig velkomne.

Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag.