På Hjørundfjordheimen nyt vi livet!
Vår nermaste nabo Hotell Sagafjord ligg der og tek vel imot oss når vi kjem innom.
Denne gongen hadde vi bestillt middag og dessert, ei skikkelig kosestund i flotte omgivelsar skulle vi unne oss.
Ann Helene og Sigmund i ein fortruleg småprat.
Sylvi gler seg til flott servering.
Irene og Ragnhild synest dette var ein perfekt dag.
Nikoline og Jørn klar for feiring, ja Jørn hadde gjebursdag og snakk om ein flott måte å feire på.
Marie og Manuela som kongelege ved bordet.
Grethe og Sigrun storkosar seg.
Jørn fekk opne gåve etter vi hadde sunge bursdagsongen, til glede for alle.
Bodil og Marie er einige om at slik luksus trengde vi no.
Haldis og Anna er så einige at.
Kylling med flott tilbehør, møyrt og velsmakande.
So vart Jørn si gåve sendt rundt, alle fekk sjølvsagt smake, han er bra grei!
Godt med litt søtt til kaffien.
Sjokoladeondant med is, mmm........
Utsikta må nytast medan vi nyyyyt desserten.
Gjengen samla, smil til fotografen.
Ein triveleg dag, godt med litt forandring når golvet på Dalastova skulle bonast var det godt å vere ute av vegen ei stund.
Kvar fredag er det Bingo!
Mykje spennande å vinne, alle vinn smått og stort.
Randi, Annlaug, Karl og Oddny.
Knut, Ola , Per og Sigmund.
Sigrun, Kirsten, Jofrid og Arne.
Desse damene er det som ordnar Bingoen kvar fredag, Tusen takk for innsatsen dokke gjer.
Sylvi kosar seg med besøk av småkvalpane som hunden til dottera har fått.
Dei er utrulig søte, vi er so glade for at vi får besøk av slike gullklompar.
Vår eigen lille gullklomp finn seg ein fredelig plass slik at han får sjønnheitsøvnen sin, Audun vart overraska når han skulle legge seg, kansje dei kan dele?
Marie kan sine gamle kunster, kjekt med litt hjelp når ein skal ordne mat, for fint pynta smørbrød er alltid fristande.
Det vart ikkje rekebord på hotellet denne sommaren, men personalet i fyrste atasje tok saken i eigne hender. Rekebord vart det.
Sjå flotte rekeoppsatsen ,og forventningsfulle damer ser på den fristande maten.
Langbord dekka med alskens godsaker, dette vert fest.
Kjekt med rekebord på "hjemmet".
God mat og kjekt prat, trivelig og sosialt.
Dette kan friste til gjentakelse, kan anbefalast.
Personalmøte må vi ha ein gong i blandt, ny turnus, saker som angår oss alle og litt smått og stort som skal diskuterast.
Mat er viktigt, uten mat og drikke duger helten ikkje.
Torill får blomster, for tru det eller ei, ho er pensjonist!
Mari Helen overrekkjer og takkar for godt samarbeid gjennom mange år.
Når det regnar på presten dryp det på klokkaren.
Bellingen vart årets Nærbutikk og fekk ein flott pengepremie.
Hjørundfjordheimen fekk 5000,- til ny hjartestartar frå Bellingen , hjarteleg takk for det.
Vi må ha ein hjertestartar som fungerer i beredskap men håper vi aldri får bruk for den.
No går vi mot mørketid, men husk å tenn et lys i staden for å forbanne mørket.
Dei glade lysglimta finn vi i kvardagen, husk å ta vare på dei.
Kommentarar