Frølandsetra.

001

Jonny, kjersti, Nina, Ann Helene og Kari.

I flott turvèr vandra vi oppover Frølandsdalen mot Frølandsetra.

002

Forbi Heimsetra medan vi ser innover mot dei flotte fargane som skogen skin i.

004

Frølandstrollet og alle storetrolla!

006

Godt teikn, når tistelane er høge vert det rikeleg med snøv!

007

Vi måtte gje oss god tid for å nyte dei flotte haustfargane.

010

Fjella brann.

011

Ei frodig soppfamilie.

012

Straks var vi inne på råsa.

013

Lyngen er raud og skogen gul, men litt grønt framleis. 

014

Råsa var bra tørr, små heller til bru.

016

Gyldne fjellsider.

017

Kjekt og vemodigt på same tid,snart er tursesongen på hell.

018

Siste svingen før setra.

023

Framme på støylen, boka vart henta fram og framleis var det godt lys.

026

No må bilda av desse fjella takast, men finast er det i verklegheita.

027

Medan sola gløder i majestetiske Slogen tek vi fellesbilde.

Kjersti, Kari, Bodil, Ann Helene, Nina og Jonny.

029

Framleis er der grønt gras til saudene som beiter under hamrane.

031

I himmelsjå på Stokkehornet såg vi to personar ved varden.

034

Det skymdest fort så vi måtte sette kursen heimover att.

038

Mykje vakkert å skode slike dagar.

041

Rikeleg med einebær til viltkjøtet.

049

Soppane dukkar opp overalt.

046

Når enden er god er allting godt.

Tusen takk for laget til alle som har vore med på tur i heile sesongen, uten dei som kjem og vil vere med kvar gong hadde det ikkje vorte måndagsturar.

Vi skal lage ei avsluttningskveld den 19 oktober på klubbhuset, då skal vi avsøre kven som vert vinnarane på Fjellbingoen.

Vi samlast kl 2000, med litt mat og gode minner frå sesongen, trur vi det vert ei triveleg stund der alle er velkomne.

Kom gjerne med forslag til turar eller andre tips som vi kan ha nytte av.

Siste måndagstur vert på Elverampa og då kan det passe for dei aller fleste vil eg tru.

VEL MØTT!