Torsdag 29. Oktober er det klart for årets første Filmsalong på Hjørundfjord filmteater. Dette er eit konsept der vi syner til dømes klassikarar, dokumentarar eller skjulte filmskattar. Det er altså eit tilbod i tillegg til hovudprogrammet. I haust står to dokumentarar på programmet, først "Searching for Sugar Man", dernest "Salt of the earth". Som ein bonus har vi ordna lisens til ein skikkeleg juleklassikar - nemleg "It's a wonderful life", planlagt framsyning 17. desember.
Men først altså - "Searching for Sugar Man". Denne filmen vann Oscar for beste dokumentar i 2013. Og la det vere sagt: IKKJE LES, SØK ELLER SJÅ KLIPP/TRAILAR FRÅ FILMEN før framsyninga. Det er best å stille heilt blank. Filmen fortel historia om Rodriguez, mannen som kunne blitt ein rockestjerne, men som diverre døydde altfor tidleg....eller kva skjedde eigentleg?! Fantastisk musikk, ei heilt utruleg historie og ein djupt menneskeleg og ikkje minst rørande "feel good"-film. Unn deg sjølv 86 minutt med denne filmen, skal mykje til å finne ein fotballkamp eller TV-serie som kan måle seg med denne.....