Vi veit mange ser på trea som eit landemerke som nesten har stått på Sæbø ein evigheit og ville derfor orientere om dette.
Kunne være interessant å vite kor gammal treet er. Eg trur det er furua som syns på maleriet (til Anders Askevold, truleg malet 1890, som heng på Hjørundfjordheimen) over den mørke naustrekka til venstre. Slik trea sin stand var er det vanskeleg å telle årringane. Kanskje nokon kjenner historien bak det store tre og har lyst å dele det her?
Eit landemerke måtte desverre vekk
Desverre måtte vi felle den gamle furu, då den var i veldig dårleg stand og kunne velte/knekke i ein storm. Furua ble fellt ons 14/10 av dyktige/kyndige folk.
Lagt inn av
Lars Vatne Nielsen
14.10.2015 22:58
14.10.2015 22:58
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Kommentarar
Vi har vert LENGE om denne vanskelege besluttning, men tør ikkje å ha ansvaret for eit tre som er så topptungt, høgt og hult i ein del av stammen frå 1/2 meter og ca 4 meter opp. Kanskje treet kunne stå lenge og kanskje ikkje. Vi har ansvaret og har valt å fortelle alle om denne besluttning, fordi vi veit det er eit "landemerke" og har stor respekt for ulike meininga rundt dette gamle tre.
Treet hadde få stå om det stod ein plass der folk og bygg ikkje kunne bli skada.
Treet hadde få stå om det stod ein plass der folk og bygg ikkje kunne bli skada.
Lars Vatne Nielsen
Eg ser på Hjørundfjordportalen at Lars Vatne Nielsen ynskjer å sage ned Storefurua som står bak huset hans.
Som leiar i Hjørundfjord kulturvernlag vil eg på vegne av styret for laget på det sterkaste oppmode Lars Vatne Nielsen om å la treet stå inntil det har vorte betre undersøkt av fagfolk for å fastslå tilstanden til treet.
Denne furua er eit av dei eldste kulturminna på Sæbø. Det var alt eit stort og ruvande tre då kyrkja vart bygd.
Kulturvernlaget kan hjelpe til å skaffe ekspertise som kan bestemme tilstand og eventuell bardunering om det skulle vere naudsynt.
Hadde eg hatt betre tid, hadde det vore rettare å kontakte Lars Vatne Nielsen direkte, men som leiar av Kulturvernlaget vart eg fyrst gjort merksam på at furua skulle fellast no i kveld.
Rekkedal 13. oktober 2015.
med venleg helsing,
Synnøve Rekkedal Hill
Lag ut av

Hjørundfjordportalen Administrator
Det er eit stort skritt å fjerne dette kulturminnet. Er tilstanden til furua fagleg vurdert? Vanlegvis rotnar ikkje ei furu frå innsida, tvert imot er kjernen (alveden) den som held lengst. Eit furutre har dessutan eit svært solid/ djuptgåande rotsystem (pælerot), så eit slikt tre bør ikkje fellast berre på mistanke/ overslag om rotskade. "Normalt" vil eit furutre leve i opptil fleire hundre år, deretter døy sakte, for så å tørke inn og verte ståande enno i 50 og 100 år før det må gje endeleg tapt...
Sigve Aklestad