Bedehuset på Sæbø er no i god stand etter nokre år med vøling av tak, utskifting av vindauge og ikkje minst maling av heile huset utvendig sist sommar.

Vi er heldige som har eit så flott hus i Sæbø sentrum, men det er kostnadskrevjande og den årlege basaren er ei viktig inntektskjelde for drifta av huset. Vi håper folk vil støtte opp om bedehuset og kome på basaren laurdag.

Gerd Botn Brattli frå Volda vil syngje for oss.

Barnekoret kan dessverre ikkje kome laurdag, men Anette Dagfinrud vil syngje barnesongar med dei borna som møter.

Bedehusbasar4

Flotte gevinstar som passar til små og store vinnerar.

Tusen takk til alle dei som har gitt oss gevinstar og ellers hjelper til.

Bedehusbasar5

Det vert og rikelig med tombolalodd å få kjøpe

Bedehusbasar3

I salen er det dekt og klart. God mat og kaffi/saft er gratis.

Bedehusbasar6      Bedehusbasar7

Hovudgevinstane er laga av Kjellaug Hustad

Nydeleg brodert juleduk og strikka teppe

VELKOMNE!