Sundag, 20. september kl 20.00, er det klart for ei gudsteneste litt utanom det vanlege.

Ei «Johnny Cash-messe» er ei enkel gudsteneste, med ein enkel liturgi.

I staden for salmar, brukar me songar av Johnny Cash, og songar som han har sunge. Av dei mest kjende kan nemnast «I walk the line» og «Folsom Prison Blues».

Sindre Løvik har sunge Johnny Cash sine songar i mange år, og han har hatt slike gudstenester fleire stader i Sør-Noreg.

Denne dagen har han med seg desse musikarane og songarane:

Rolf Lillebø (slagverk), Magne Aksnes (bass) Ove Aksnes (gitar), Lise Stokke (song) og Kirsten Ragnhild Grimstad (song).

Liturg er Espen Aarseth.

Dette må du få med deg!

Vel møtt!