Råsa frå Kvia til Koppen.

Rolf, Ingvild, Nina, Ella, Tore, Bente, Irene, Marit, Rune, Janneche og Vaida. 

001

Ein glad og triveleg gjeng klar til å teste den nye råsa.

Espen og Oddvar Rekkedal rydda og merka opp denne råsa for omlag tjue år sidan.

Dette er ei gammale rås som vart brukt den tida krøtera skulle opp i Tveradalen på beite, vi skal kun gå inn til Koppen i dag.

002

Dei fleste stadane var lett å finne vegen, men somme stadar har terrenget endra seg så då var det verre.

003

Ein god del greiner må vekk for mykje bøy og tøy vart det rundt greinene.

004

Rolf, Tore og Rune nyt haustfargane og ventar på damene.

005

Du sjøna her var MYKJE STORE blåbær, so alle måtte smake.

Irene og Ella med lyng rundt føtene.

006

Etterkvart vart alle trutar blå, for makan til bær har vi ikkje sett.

007

Vaida plukka sopp også, og smakte på bæra sjølvsagt, i lag med Nina.

008

Det vart nokre bærpauser på vegen opp.

009

Etterkvart vart det fin utsikt utover dalen.

010

Rognestøylen ligg i flotte haustfargar ved vatnet.

011

Litt ekstra merking fekk eg god hjelp til undervegs, vi skal rydde og merke skikkeleg til våren er meininga.

013

Blå tunger og blide fjes, no er det nedoverbakke mot Koppen.

014

Å krysse elva er ein balansekunst.

015

Mykje vatn i elva no, var lettare i sommar.

016

Gode sprang mellom steinane.

017

Rune har full komtroll,ingen fall i elva meir der nei.

018

Framme ved Koppen, elva brusar så der er sterk lyd.

Janneche og Vaida kosar seg med te og litt å bite i.

019

Rolf, Ingvild og Bente.

020

Benkar å sitte på, fin rasteplass her ved Koppen. 

021

Irene, Ella og Nina, bak dei kan du finne merka vidare på råsa som går like opp i Tveradalen.

Dit får vi ta måndagstur til sommaren.

022

Ein pose full - av skogens gull.

023

I vatnet her i Koppen skal det vere gjøymd ein gullstein seiest det, kansje vi må leite til sommaren.

024

Fellesbilde: Ella, Nina, Rune, Irene, Ingvild, Rolf, Marit, Bente, Vaida, Janneche, Tore og Bodil.

No var det på tide å rusle heim for det skymdest fort.

026

Tilbake ved Rekkedalsetra i "grevens tid", vi rakk det akkutar før mørket kom for alvor.

Vi hadde haudelykte på lur, men det gjekk akkurat, bra "timing".

Tusen takk for hjelpa og laget på ein artig ekspidisjon.

Neste måndag er nest siste måndagsturen denne sesongen, Frølandsetra.

Vel møtt, ta gjerne med lykt om du har.