Haust og potetopptaking i Dalane barnehage

For å sette poteter så treng ein settepoteter, ein åker med god matjord, og nokon som tek tak og set potetene i jorda.  Barnehagen hadde åker, men jorda var så som så for å få til ei god avling. Dette vart ordna av ein gardbrukar som  køyrde til ei traktorskuffe med oppgjødsla matjord. Så kom styrar med ei bøtte med settepoteter også, og dermed var det klart. Barnehagen hadde potetsetjar-dag i begynnelsen av juni. Litt seint var det før potene kom i jord, men det har vore eit godt år for vekst, med mykje nedbør.

Potetopptaking-i-Dalane-bhII-web

Barnehageborna og dei ansatte kosa seg i haustsola. Etter potetene er komne oppi bøtta vert dei frakta opp til trillebåra for transport vidare til kjøleromet.

Resultat-Potetopptaking-dalane-bh15-web

Trillebåra vart etter kvart fylt med
store fine matpoteter.

Borna har gått rundt den frodige åkeren, som har hatt sperretau rundt, og venta på at det skulle verte potetopptaking. Potetkålet har stått grønt og fint utan bruk av sprøytemiddel av noko slag.

Tysdag for fjorten dagar sidan var tida koma  med perfekt haustvèr og borna i barnehagen hadde fått klarsignal om at dagen var komen. Dei skulle no endeleg få lov å sjå kva som gøymde seg under dei store potetkåla som har stått midt nedi bakken nedanfor barnehagen i sommar.

Store og små vart utstyrte med bøtter og spader og ungane gjekk i gong med arbeidet. Overraskelsen og gleda var stor, når eine bøtta etter den andre vart fylt med store fine poteter og frakta oppgjennom bakken for tøming i trillebåra.

Potetavlinga vert sjølvsagt brukt til eige bruk i barnehagen. At ungane får ta del i arbeidet og sjå korleis maten vert produsert er viktigt i tillegg til at mat dei sjølve har vore med å dyrka smakar godt.

Det er tradisjon i barnehagen at to bestemødre kjem ein dag når avlinga er komen i hus, og hjelper til å koke potetball. Balledagen er ein haustfest i barnehagen og ungane er med og hjelper til å skrelle poteter. Vert der poteter til overs så vert det laga grønsakssuppe og potetestappe ved seinare høve.