For alle sokn i Ørsta

Ved Kyrkevalet 2015 skal det veljast  sokneråd og  leke medlemmer til bispedømmerådet. 

Valet finn stad 13.–14. september 2015.

For Ørsta sokn:                                  13.09.2015 kl.13-18 på Ørsta kulturhus

                                                       14.09.2015 kl.09-21 på Ørsta kulturhus

For Vartdal sokn:                               14.09.2015 kl.13-20 i VD hallen på Vartdal

For Hjørundfjord sokn:                        14.09.2015 kl.13-20 i Gymsalen på Sæbø skule

For Storfjorden sokn –Bjørke:            14.09.2015 kl.13-20 på Haukely, Bjørke

Røysteføre  ved valet er alle døypte  medlemer av Den norske kirke  over 15 år, eller som fyller 15 år i 201.

Førehandsrøysting  for  alle  sokn, vil finne stad på Ørsta kyrkjekontor alle dagar mellom kl.10 – 14 i perioden  10. august - 11. september 2015.

 Røysterett.

Alle som er oppførde som medlemmar i Den norske kyrkja, som står i valmanntalet, og som fyller 15 år eller meir i løpet av 2015, kan røyste.  Alle røysteføre skal få tilsendt valkort der ein vert informert om tid og stad for valet. Valkortet skal vere medlemmar i hende innan førehandsrøystinga startar 10. august. Den som er medlem i Den norske kyrkje  og ikkje mottek valkort, bør/kan  kontakte kyrkjekontoret  for å få retta opp opplysningane  i Den norske kyrkja sitt medlemsregister. Medlemsregisteret er grunnlag for kyrkjeleg  manntall. Den som mottek valkort, men ikkje er medlem i Den norske kyrkje, kan gå fram som skrive  på valkortet for å verte sletta frå medlemsregisteret.

 Ettersyn av manntall
Kyrkjeleg  manntall for alle sokn i Ørsta er lagt ut for ettersyn på Ørsta kyrkjekontor i Vikegata 5, 3. høgda  og er tilgjengelig for ettersyn i kontoret si  ordinære opningstid i perioden 10. august til 11. september. Det er berre høve  til å kontrollere opplysningar  knytt til deg sjølv, eller ein annan  person ein har  skriftleg fullmakt frå.  Den som meiner at ein sjølv  eller nokon annan på urett  er vorten innført eller utelaten  frå  manntalet i soknet, kan krevje at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal være skriftleg og grunngjeve.


Ved kyrkjevalet vert medlemmane til sokneråd og bispedømmeråd valde. Desse er lokale og regionale styringsorgan i kyrkja.


Kva oppgåver har soknerådet?
”Soknerådet skal ha si  merksemd retta på alt som kan gjerast for å vekkje og nøre det kristelege livet i soknet” (kirkeloven § 9). Rådet skal legge til rette for det lokale livet til kyrkjelyden med trusopplæring, gudstenestearbeid, omsorgsarbeid (diakoni) og kyrkjemusikk. 

Kva oppgåver har bispedømmerådet?
Bispedømmerådet skal fremje samarbeid mellom sokneråda og andre lokale arbeidsgrupper i bispedømmet. Bispedømmerådet tilset sokneprestar og fordelar statlege tilskot til stillingar innanfor undervisning, diakoni mm.

 

Soknerådsval I Hjørundfjord sokn   

 

Lista til nominasjonskomiteen

 

  1. Ingunn Rannveig Boye-Olsen, 58 år, Sæbø
  2. Normann Ove Dimmen, 50 år, Sæbø
  3. Regine Solberg Aklestad, 29 år, Sæbø
  4. Kjersti Elisabet Johnsen Riise, 62 år, Sæbø
  5. Svein Ivar Holen, 32 år, Sæbø
  6. Lisbet Vatne Nielsen, 43 år, Sæbø
  7. Margrete Øye Fivelstad, 52 år, Norangsfjorden
  8. Rune Asbjørn Mo, 57 år, Sæbø
  9. Anne Fride Aasebø Guldbrandsen, 48 år, Sæbø
  10. Kari Asbjørg Riise, 70 år, Sæbø
  11. Birgit Hustad, 40 år, Sæbø
  12. Irene Volle Hustad, 51 år, Sæbø
  13. Siw BjørdalL Lillebø, 40 år, Sæbø

 

 

Her røyster du (røystekrinsar)

14.09.2015 kl 13:00 - 20:00

Gymsalen sæbø, 6165

Sæbø



Soknerådsval  i Storfjorden (Bjørke) sokn
 

 

Lista til nominasjonskomiteen

 

  1.  Kjetil Olav Rørstad, 56 år, Bjørke
  2.  Cecile Rørstad, 36 år, Bjørke
  3. Per Arne Saure, 61 år, Bjørke
  4. Ingvild Steinsvik Mork, 43 år, Bjørke
  5. Jon Egil Finnes, 51 år, Bjørke
  6. Lene Bisgaard Viddal, 63 år, Bjørke
  7. Lindis Sellereite, 55 år, Bjørke
  8. Jens Inge Skjåstad, 58 år, Bjørke
  9. John Inge Leira Bjøringsøy, 27 år, Bjørke

 

Her røyster du (røystekrinsar)

14.09.2015 kl 13:00 - 18:00

Haukly,  6190 Bjørke