Julemesse på Bjørke
Ungdomslaget i Skjåstadalen er klar med haustprogrammet.
Etter ei travel tid med bygging av nytt inngangsparti med
mange helger med dugnad so er vi snart ferdige med byggeprosjektet.
Laget kom litt seint i gang med haustaktivitetene, då fokus har vore på bygginga,
men no satser vi på en haust med fleire aktiviteter.
No er laget i gang med å lage til den faste julemessa.
Den skal  foregå på Haukly /Bjørke siste helga i oktober.
Julemessa vil gå over 2 dager laurdag og søndag.
Har du handarbeid - eller andre ting du vil stille ut /selge  på messa, so ta
kontakt med Anette Alnes (90188486)  for påmelding snarast, då vi har begrensa med plasser.
Vi håper på ei like variert messe som i fjor.
Då fekk mange kjøpe det meste man trengte til jul.
Vi gler oss og vi ønsker alle velkommen til  julemessa.
på ungdomshuset Haukly
Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag