Dagen starta veldig tidleg for Linda men etter at ho fekk seg ein kaffikopp gikk alt som på skinner!

12011147_10154443370200190_5172214323085129334_n[1

Snart våken og klar til dyst...

Dei fyrste "turistane" vart vekte før hall seks om morgonen men ingen sure miner for det.  6 av bebuarane fekk vere med til Ålesund mens resten kom ombord på Urke.

Alt gikk fint heilt til Linda skulle starte grønebilen for den ville slett ikkje starte. Kva gjer vi no?

Vi tjuvlånte ein HBO bil men problemet var at der ikkje var plass til rullestolar og bagasjeromet var mindre enn ein koffert. Men tida var knapp så det var berre å kome seg avgarde. Det Linda ikkje visste var at bilen hadde nymotens nøkkel og skulle berre startast med ein knapp...

Vi rakk akkurat ferga og kunne puste letta ut.

11988550_10154443370080190_8234749724297042147_n[1

Skodda var så tjukk at vi såg ikkje hurtigruta før ho var ca. 10 m frå land.

DSC_0003        DSC_0006 – Kopi

Vel ombord etter litt kluss i heisa, det er lett å gå av i feil etasje når den stoppar..

dsc_00111

Tordis på panoramadekk i 8. etasje.

DSC_0014

Fin Utsikt innover fjorden.

DSC_0017

Vi nærmar oss!

CIMG3201

På Sæbø ventar resten av gjengen på skyssbåten.

CIMG3203

Klare for tur. Jofrid, Svanhild, Randi, Borgny, Ola og Bodil.

CIMG3205

Anne passar på.

CIMG3207

Der kjem Oddvard og turen til hurtigruta startar.

CIMG3212

Ombord i Hjørundfjord. Svanhild, Borgny, Karoline, Oddny og Annlaug.

CIMG3214

Og der er ho, sjølvaste MS Finnmarken.

CIMG3219

Vel ombord, Borgny, Karoline, Edel og Randi.

CIMG3229

Solveig fortel Monica om den fantastiske reisa innover fjorden.

DSC_0020

Deileg lunsj for alle! Mykje god mat, noko kjent og nokre nye smakar.

sandra

Sandra syns smukken var best!

cimg3227 dsc_0022_kopi
Edel ordnar ut til Solveig og Knut. Petrine og Karoline nyt dagen!

DSC_0028

Blide pleiarar, Liv Grete med Sandra, Anne og Linda.

DSC_0035

Svanhild og Jofrid.

DSC_0078

Karen, Solveig, Tordis og resten av gjengen.

DSC_0037

Eit strålande ver gjorde dagen perfekt!

DSC_0050

Innover mot Øye.

DSC_0065

På land på Urke stod Eldrid å vinka, ho var sikkert misunneleg på oss.

dsc_0043 dsc_0083
Ei veldig fornøgd Borgny! Karoline.

DSC_0070

Solveig og Karen nyt utsikta. Dei hadde mykje å fortelje om fjorden og folket.

DSC_0072

Karl og Knut.

CIMG3241

Vel på land igjen, Karen og Solveig.

DSC_0090

På plass i bussen, vi fekk med oss alle rullestolar og rullatorar med god stuing. Vel heime kom det frå bakerste setet:"i dag he me rett so yngst oppatt". Og alle var enige om at det hadde vore ein gild tur!

Dagen vart lang for dei fleste, vi reiste frå Sæbø kl 06.55 (litt forsinka pga. bilen som ikkje ville vere med) og var heime kl 20.05.

Heile turen var gjordt på dugnad av personalet i 1.etg., nokre brukte heile fridagen sin på det, mens andre måtte på jobb før eller etterpå. Vi er også så heldige at vi har fått gåvemidlar som gjer at vi kan dekke litt av utgiftene. Å det er veldig kjekt og sosialt å kunne reise ilag i bussen til Sæbø IL.

Når ein ser kor kjekt alle hadde det står vi att  med den erfaringa at det skal så lite til for å glede nokon. Sjå berre dei blide ansikta!