Gunnar-råsa og Åseråsa.
Vi var fire som starta i fonnvernet. Gunnar, Bente, Lars Petter og eg.
Klar ved skilta. Vi viste at Rune kom etter når han vart ferdig med litt "valgflesk" for Senterpartiet.
Vi måtte ta ein tur på Hjertebenken, hjertelig utsikt.
Der fekk vi auge på ein kar i svingen, Ansgar.
På rekke og rad.
Sjelden har vel brynnen vore so tom, kansje den har vore reserveforsyning til vassverket.
Bjørnebæra er der mykje av, skal tru om dei rekk å modnast.
Hasselnete er der mykje av.
Her har "ikonnja"kosa seg med konglemat.
Breid og flott rås i granskogen.
Der kom Rune springande, klar for tur.
Gunnar fiksar litt på vatnet, mykje som må haldast i orden.
Ser du Tyranosaurus-rex? litt dårleg bilde men prøv å finn den du....
Oppom granskogen vert det lysare, her ved 280m. merket.
Vi kika etter Irene som måtte rekke foreldremøte fyrst, kansje er ho like bak?
Karane er oppe, medan damene prata seg vekk i bunadsjortesaum.
Fellebilde: Rune, Bodil, Bente, Ansgar, Gunnar og Lars Petter.
Nytt fellesbilde for der kom Irene med ny pers. opp Gunnar-råsa.
Etter ei stund gjekk ferda vidare, desse to tok sikte på Storenakken.
Me andre sikta mot Åseråsa.
Einebøær som er blå er sjeldent syn denne sesongen.
Her i fonna ligg store rotvelte og det har ført til litt sikt mot dalen.
Også sikt mot fjorden.
Me speidar fram mot Årsethornet.
No er vi komt til "Åsen", flott sikt mot Maradalen herifrå.
Her hadde nok trengst litt rydding for å betre råsa litt.
Skogen veks fort, reine jungelfølelsen her inne.
Steingarden her er byte mellom Sæbø og Hjellen.
Småsetrane, her vart det melka ganske lenge, Rune fortel for intresserte lyttarar.
Irene forsvant nesten mellom bregnene.
No kan vi skimte sivilisasjon, hustaket til Koppen er i sikte.
Då var siste biten att, måndagstur på asfalt.
Flott tur med kjekke folk.
Tusen takk for laget.
Neste måndag er det tur til Olavshola. VEL MØTT!
Kommentarar