Vasstøylen og Langhorndalen.
Det var ikkje trangt om plassen på parkeringa i dag, ein bil og ein sykkel, likevel var vi eit turfylje på tre. Rune, Hilde og Bodil.
Kjende kjære råsa mot Vasstøylen.
Sola kom fram og lyste opp i den irrgrøne dalen.
Under Langhornet er det mørkt men lyset var stemningsfullt og glitra i toppane.
Sola kleiv so vidt over tindane, vi merka at det lakkar mot haust.
Innover mot Kvamsedalen var det blå himmel og sola skein i toppane.
Skåramannen er lett å få auge på, skåraholet er midt i hjertet?
Frå ungdomskilden drakk vi rikeleg, so no......
Vasstøylen, der vart det skriving i boka som forresten snart er full, BRA!
Speglande stillt på Vasstøylsvatnet i kveld, i sikte ser vi elva frå Langhorndalen.
Mykje fisk som vakte i vatnet, ringar på ringar.
Råsa oppetter sida er tydelig og fin å gå.
Snøbredane ligg framleis store i sida.
Snart er vi oppe ved sida av Langhornet, kvasst frå denne sida.
Dalen er i sikte, snart på kanten.
Litt høgare opp må me før målet er nådd, utsikta er flott, må nytast.
Siesta, litt drikke og litt pause.
Tre blide sjeler , for eit fellesbilde!
Nedatt må me, fint turvèr og flott lys.
Rimeleg stor elva midt i dalen, vi velgde den andre vegen rundt vatnet nedatt.
Ikkje teikn til haust her, blåbæra er grøne , skal tru om dei rekk å bli modne i år?
Himmelen var berre fantastisk, ikkje lett å få på bilde.
Over elva er det laga til trinn, fyrst kom den minste bukkene bruse.....
So den store....
So ein liten til... alle var tørrskodde over på andre sida.
Myrulla i sin finaste stas.
Rusling mot horisonten.
Her er vi ved skiltkrysset, ein flink"vaktmeister" har ordna ny stolpe og fått festa skilta skikkeleg, godt jobba!
Snart var vi heime to i bilen og ein på Sykkel, trur det måtte riste bra nedatt Rune.
Tusen takk for laget!
Neste måndag er det tur i Gunnar-råsa og vidare nedatt Åseråsa.
VEL MØTT!
Kommentarar