Frølandsdalen.
Ingressbildet er frå steingarden ved Tryvatna.
Vi gjekk frå parkeringa, dei fleste kom med bil men ein kom sanneleg syklande opp dei seige bakkane fråStokke.
Håkon og Maren var harar, og råsa kjende dei godt.
Lettkledde og lettføtte var vi alle i den (endeleg) flotte sommarkvelden.
Innom for å sjå på folla hass "Jase-pit " måtte me, då fekk me vete om fleire som hadde fonga røyskattpå denne måten.
Ansgar som forøvrig hadde sykla frå Kvistad,
hadde fått opp varmen og heldt høgt tempo.
Sola stod mot oss på himmelen og varma utruleg godt.
På fyrste selmurane på Stokkesetra står julegrana ferdig klar i kråa,
berre lysa og pynten manglar.
Ein liten pust på Stokkesetra, skriving i boka og litt drikke må til.
Ansgar, Sverre, Håkon, Wenche, Ståle, Maren, Haldis, Ingebjørg, Kari, Alvhild og Nina.
Vidare mot neste mål går ferda.
Håkon passar på så alle er med.
Elvene er mykje mindre no enn tidlegare i sommar.
Skrivesteinen er kjend, der kan ein lese monge kjende namn, Håkon laga ein H.
Klokkura i sikte, tørr fin rås.
Niste, snop, snacs-stopp ved hytta i Klokkura.
Kjekk gjeng, Wenche, Sverre, Alvhild, Jorunn, Kari, Haldis, Nina, Ansgar, Ståle og Ingebjørg.
To ekstra kjekke turgåarar, Maren og Håkon.
Håkon Og Bodil måtte opp å prøve storesteinen.
Idyllisk ved hytta.
No kjem spørsmålet, kven vert med til Tryvatna?
To, Gjekk mot Frølandsetra, tre gjekk nedatt og resten satsa mot Tryvatna.
Sola står endå høgt på himmelen, så flott ein kveld må vi nyte.
Utsikta frå Klokkura er reine idyllen.
Halvegs til Tryvatna med Blåtinden, Kolbeinskaret og Veirahaldet bak oss.
Endå eit stykke att.
Til høgare vi kjem dess flottare vert utsikta.
Siste biten forsvinn utsikta mot fjorden.
Flatt og godt terreng på dette området mot Vatna.
Her fann vi boksa, på Steingarden.
Jorunn, Haldis, Nina, Kari, Sverre, Alvhild og Ansgar.
Sjå steingarden som ligg like under hamrane, og deler dalen på tvers og på langs.
Litt motvillig rusla vi heim i solsteiken, nokon på på jobb og då er det berre å snu nedatt.
Eldgamle steingardar og nymotens monstermaster i ei hærleg blanding.
Me tek farvel med Tryvatna og går nedatt same vegen.
Fagre vide slakke Frølandsdalen, viste seg frå si beste side denne augustkvelden.
Tusen takk for laget og for ein triveleg tur.
Denne turen vil vi seint gløyme.
Neste måndag vert det tur til Valsetheida via Eitrefjellet.
Vonar finevèret vil vare lenge.
Det fortjenar vi!
Vel møtt!
Kommentarar