Om veret vert bra i helga er det fint å sitte ute og ete sveler og drikke kaffi. Vakrare utsikt finn du ikkje mange stader.
Nilsbuda har meir enn femti lokale og litt mindre lokale leverandørar av kunst og handverk. Nokre er nye av året, andre har hatt produkta sine på Nilsbuda i fleire år.
Felles for alle er at dei leverer produkt av høg kvalitet og mangfaldet er stort.
Treng du ei gåve er det lett å finne noke passande på Nilsbuda.
Vi håper mange tek turen i helga og takker alle som har vore innom oss tidlegare i sommar!
Kommentarar