Vi ser fram mot ein ny haust med Hjørundfjord barnekor og byrjar opp att øvingane frå torsdag 03.09 til vanleg tid, kl.15.00-16.00 på Sæbø bedehus.
Alle born frå 1.klasse og oppover er hjarteleg velkomne, og vi ynskjer både "gamle" og nye born velkomen.

Borna kan gå rett frå skulen til bedehuset, der det er ope frå ca.14.40. Hugs at borna må ha med seg nistepakke og drikkeflaske/drikke slik at dei får ete før korøvinga.

Mange har lurt på om det vert kor vidare i haust sidan dirigent Marie Austrheim Riise skal ut i morspermisjon 12 oktober. Det vert øvingar som vanleg. I september veit vi meir om kven som evt. tek over når Marie går ut i permisjon. Dersom det vert endringar får de beskjed om dette.

Veit du om nokon nye som vil vere med i koret? Tips gjerne 1.klassingar og andre som kan ha interesse av å vere med. Det er ikkje berre jenter som syng i koret, vi har også mange gutar som er med... Bli med du òg! :)

Til dykk i koret som har vore med før: Det er også fint om de gir ei tilbakemelding på om ditt/dine born evt. ikkje vert med vidare. Då vil eg ha beskjed om dette.

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med Marie på tlf: 45235996. Eller på epost: marie.austrheim@orsta.kyrkja.no

Vi sjåast torsdag 03.september!

Mvh, Marie Austrheim Riise.

dirigent.