Bakgrunnen for dette møtet er ønskje frå innbyggjarane på Sæbø om å ”løfte blikket” og sette fokus på det som vil vere tema for områdeplanen Ørsta kommune har planar om å starte neste år.
Sæbø grendalag er svært glade for initiativet frå Ørsta kommune til dette møtet. Alt det positive som skjer på Sæbø blir lagt merke til av kommunen og det er flott at det no skal lagast ny områdeplan.
Vi håper at mange møter opp og kjem med sine idear og meingar om Sæbø sentrum. Det er no vi har høve til det!
Vel møtt!
Helsing Sæbø Grendalag
Kommentarar