BJØRNDALEN.
Vi samkjøyrde frå Frøland og gjekk vidare via Heimsetra.
Kanutte, Unni og Anette.
Irene, Alvhild, Hilde og Fred.
Brattaste biten er nok oppover skogen frå Heimsetra.
Theo og Terje ventar tolmodigt på oss.
Små stopp må til for dette vart varmt.
Anette er like blid, ho sjekkar om blåbæra er snart modne.
Unni strålar om kapp med sola.
Her blomstrar grana, eg har ein gong lært at dette skjer berre kvart sjuande år, nokon som kan meir ?
Litt opnare når det flatar ut terrenget.
No har vi skråa inn i dalen, for dei som lurer er råsa svært bra,
tørr god å sjå og fin å gå.
Etter ei lita pause ved kvilesteinen er det berre å rusle vidare i sola.
Kanutte og Fred held god fart.
Bak smiler Kalvedalsegga mot oss.
Til høgre der fossen kjem ut skal vere turmålet vårt, på Kanten av starten til Lissjebjørndalen.
Saudene har gode dagar i dei grøne liene.
Lett å krysse elva der råsa går, nesten ikkje vatn.
Anette fann litt til flaska si, forfriskande.
Vidare går ferda oppover langs ryggen, luftigt men flott.
To svarte og tre kvite- ingen "sorte får".
Oppover går det, no nermar vi oss målet. Lita pause før siste bakken det må vi ha.
Terje smilar han.
Theo er veldig fornøgd.
Irene kosar seg i flott turlandskap.
Anette er begeistra.
Bodil har fått gode historiske tips med "orakelet" Kjell Frøland, så litt må ein fortelje om dalen og tidene før. Kjekt at dokke gidde å høyre på forresten.
Alvhild smiler flott i finevèret.
Målet er i himmelsjå.
"Gutta" går laus på oppgåva.
Bilder og meldingar må ordnast.
Med høgtid skal namna skrivast, dette er eit historisk augeblikk, bok og boks montert.
No nyt vi utsikta saman med mat og drikke.
Mat... sa noken mat?
Unni har snadder på lur.
Epler smakar godt i snøkanten.
Anette har nøtter å by på.
Mykje snøv i fjellsidene.
Råsa vidare mot Grøtdalstindane går på mykje snøv, litt her i starten men meir lenger oppe kan ein sjå.
So va det løna då........
Sjorteskift i snøgufsen er friskt.
Fellesbilde: Kanutte, Alvhild, Hilde, Irene, Anette, Fred, Terje, Theo, Unni og Bodil.
Premien i dag går til Alvhild, litt skeptisk på nedturen i bratta var ho, men sprang som ein ungfole likevel-spreke kjelle!
Her står boksa, tett inni råsa, ta deg ein tur då vel.....
Vi må nok gå heim i dag og, "mission completed!!"
Bratt men flott!
Elva stuper loddrett ned frå kanten, tindane ramar inn bildet og gjer stemninga litt trollsk.
Kjell hadde beskreve kvar eg kunne finne tilhaldstaden til "jase-Pit".
Eg gjekk meg rett på staden.
Under steinen har han sprengd ut ein "kjellar" med dynamitt, slik hadde han ein plass til verktyet sitt, lager og liknande.
Sikkert greit å krype inn i styggevèr også.
Teltet som han sov i hadde han utanfor.
Der elva landar etter fossen nesten nede ved heimsetra, måtte dei til å lage flaumvoll for at elva ikkje skulle skifte far for et par år sidan.
Nedover går no ein ypperlig skiløypetrasè til vinteren, kjekt.
Fred tok seg like godt ein tur på Frølandsetra til avsluttning.
Me andre reiste heimover att vel fornøgde med turen.
Røvebjellene blomstra so rikeleg i år at dei fortjente å vere med, med desse takkar vi for laget på denne premiæreturen!
Torsdag vert det tur til Bondalsbakken, samkøyring frå Sledalen.
VEL MØTT!
Kommentarar