Vasstøylen.

017

Godt kledde for regn gjekk vi frå parkeringa oppetter vegen.

019

Her kom ei etter, jauda- Irene.

022

Ei lita oppsamling oppe ved starten på råsa.

021

Der kunne vi sjå utover ei uvanlig blomsterrik eng, reine idyllen. 

023

Mykje vatn i småelvane, desse damene hoppar elegant frå stein til stein.

024

Råsa er tørr og fin, etter forholda.

025

Flott rekke i godt lag.

026

Velkomstkomiteen møtte vel halvvegs oppe.

027

Svært folkekjære og ville ha klapp og kos, vi skulle hatt med litt mat til dei.

029

Lita stopp ved "vegkrysset".

030

Vi måtte bortom skiltet og lese på, ikkje alle har sett dette.

Her fekk hestane kvile litt før den bratte og lange turen til Kvamsedalen.

034

Vidare bortover mot Vasstøylsvatnet.

037

Trollsk og idyllisk i skodda.

038

Vi ser at råsa oppover Langhorndalen er litt snøv i, men at ryggen ved elva er heilt utan snøv så vi kan satse på denne turen på torsdag.

039

Fellesbilde:

Rolfen, Bodil, Kanutte, Kari, Alvhild, Siw, Roy, Irene, Tore, Hilde, Nina og Haldis.

041

Litt skoddebilde.

043

Vakkert er det utvilsomt, litt trollsk.

044

Best å halde fylje med flokken vidare nedatt.

045

Mykje fint å fotografere...

035

Mykje blomster på krekebærlyngen.

051

Tett i tett står klokkene på klokkelyngen,svært blomsterrik i år.

048

Godt stien er så tydelig i skodda.

049

Steinhytta låg der, tørr og klar for gjestar.

Hilde sjekkar om der er ledig.

050

Ved hytta renn ei elv med oppkomevatten, kaldt og friskt.

052

Ja, Vatten er det rikeleg av i år, både frå oven og i elvane.

055

Brått var vi komne nedatt til bilane, dette vart ein snerten tur.

Håper på betre vêr til torsdag då vert det tur til Langhorndalen, samkjøyring frå Kvistad.

Tusen takk for ein triveleg og enkel tur i skoddedimen.

No kjøme snart finevêret, og då....