Stokkehornet.
Mykje folk møtte opp til start: Nina, Ella, Wenche, Irene, Kanutte, Kari ,Marit, Rolfen, Rolf, Bente, Bernt Arve og Rune.
I sol gjekk vi råsa forbi Bjønnalauget.
Glitrande ligg det der å ventar på bjønnen. | God rås med rask stigning. |
Allereide etter ei kort stund har du flott utsikt mot fjorden.
Vidare gjekk me, vegen ser du smal og grå i dalbotnen.
Frodig klokkelyng. |
Opnare landskap når vi nermar oss ryggen.
Regnbogen kom også, men vi hadde opplett.
Raskt går det oppover når råsa er sopass bratt.
No ser vi godt kanten av ryggen.
Synest vi såg einkvan der oppe?
Bernt Arve i godt tempo.
Sol på oss, men regn andre stadar.
Då var vi oppe på ryggen, toppen ligg der og ventar på oss.
Råsa er god og tydeleg.
Her er bilde av dei som tek bilde av regnbogen.
Kvitveisa har blomstra sidan april, og blomstrar endå. Det har eg aldri opplevd før.
Bratt og mørkt motlys. | Fred sto oppe på ryggen å venta, han hadde gått ein annan veg opp. |
Vidare gjekk vi i samla flokk.
Oppover og oppover.......
Lita pause må til.
I sikksakk går råsa på det brattaste, gardane og attelegene vert som små leikehus.
Flottare å flottare vert utsikta.
Nokre parti med lett klyving gjer det litt kjekkare.
Skodda låg tett om toppen, men under kan sje....
Litt pust og balansefinning før siste del.
Ein Jonsokkoll pyntar råsa. | Siste eggen, litt vel spektakulært for somme, men det gjekk flott her. |
Bilde ved varden, flott gjeng og skodda drog sin veg så fikk nyte den flotte utsikta.
Rolf sette seg på skrevs over fjellet, tok "bukkerittet". |
Vi måtte ein tur bort til Ørneredet.
Her tok vi fellesbilde:
Kari, Bente, Kanutte, Marit, Rolfen, Wenche, Rolf, Irene,
Rune ,Nina, Bodil, Ella og Bernt Arve.
Litt regn trua i lufta so vi rusla mot toppen for å gå heimatt.
Byga reiste forbi og sola kom å skein oss nedatt.
Regnbogen kom å sette meir farge på turen,
flotte forhold som eg ikkje greier å gjenskape til fulle på bilde.
Vakker og kjekk tur, tusen takk til alle som var med.
Måndag er det tur til Kvamsedalsreset, vi møter opp som avtalt og kan skifte tur dersom føreforholda er trasige.
Utgangspungtet vert uansett det same, samkjøyring frå bommen på Kvistad.
VEL MØTT!
Kommentarar