Tua på Hustadneset.

001

Då denne turen er med i Naturfestivalen sitt program, sette vi opp sparebankvimpelen som markerar dette . Knut Arne Nygård som er PR ansvarleg, var komt for å ta bilde av oss og hjelpte til med oppsettinga av vimpelen, i lag med Bernt Arve og Rolfen.

002

Godt oppmøte!

Fred, Rune, Terje, Bernt Arve, Alvhild, Jorunn, Haldis, Janita, Hilde, Sverre, Rolfen, Marit, Kari, Nina, Bente, Tore, Kanutte, Torine, Bodil, Siw og Angsgar med Theo.

Alderspenn frå 6-80 år.

003

Snarvegen gjennom ledet bak løda, og rett opp skogsvegen.

005

Tistelane og graset er høgt oppe ved beitet, det vitnar om mykje snøv til vinteren-hurra!

Skiltet som viser kvar råsa startar var godt gjøymt i graset, så vi trakka det fram.

009

Gjennom fyrste granskogen er råsa mjuk som teppe.

Her må vi stoppe å samle opp, Theo må ha litt kos og den sprekaste- Torine hjelper til.

012

Råsa er smal så det vart ei lang rekke oppover skogen i bratta.

013

Litt forteljing om steinen med trinn til gråkollene som gjekk på beite.

014 

So litt om vassforsyninga før til Hustaneset.

016

Mange har nok haurt dette før men for somme er det nytt.

017

Oppe ved Lissehaugen er det drikkepause, Torine finn drikkestasjonen i passe høgd på Sherpa Siw. 

018

Langs beitet på Lissehaugen vart det eingong planta graner tett i tett så ikkje kyrne skulle gå seg utfør det bratte stupet, no er desse velvoksne.

019

Råsa går langs garden med graner, mange av dei har no rotvelt.

020

Bak oss er ein stor skog srødd som mikadopinnar av orkanen "Dagmar".

022

Ferga vert så lita nede på fjorden, no ser vi litt av utsikta som ventar.

Like bak har mange graner rotvelt så vi kan no sjå fjorden.

023

Vel oppe under mastene er det flott utsikt, Fred framfør Lekneset og  Nordangsfjorden.

024

Kari, Rune, Kanutte, Hilde og Marit med Sæbøneset og fjorden utover mot"Byyn". 

025

Alvhild i full fart opp mot utsikta, skodda låg uti fjorden men vi hadde utsikt.

030

"Voldingar" i godt prat, Tore, Nina og Bodil.

031

Litt tid for å nyte utsikta her det MÅ ein ha.

032

Straks etter vi kjem på siste ryggen mot toppen ser vi innover mot Viddal.

034

Sjølvsagt Skår, Marit og Bente på kvar si side av heimstaden.

037

Eit ferskt og fristande spaanlegg ligg klar, kven vil prøve?

038

På rekke oppetter råsa.

041

Rikeleg blokkebær ser det ut som vi får.

042

På toppen kom skodda, vi skimtar Haldis bak Alvhild i råsa.

043

Marit og Bente, no letta det frå fjorden, kansje.....

044

Skriving i boka i skoddehavet.

045

Alle var blide likevel,og praten gjekk lett.

046

Drikke og bildetaking.

047

Småprat og kvile.

048

Godt med niste og drikke.

049

Skifte av våte sokkar kan vere lurt.

051

Bilde av Trandal må Fred ha, no ser det ut som det lettar.

052

Himmelen vart lysare og skodda letta, kjekt å få litt utsikt.

054

Fellesbilde:

Haldis, Bodil, Siw, Alvhild, Theo, Rune, Terje, Kari, Jorunn, Rolfen, Bente, Bernt Arve, Fred, Marit, Torine, Bodil, Hilde, Janita, Kanutte, Tore, Sverre, Nina og Angsgar. 

061

På nedoverturen kan det vere glatt i bratta, då har Siw funne opp ei Torinebremse som held att så dei slepp knall og fall, lurt.

059

Medan skoddedottane leika i toppane,vandra vi heim frå ein våt men triveleg tur.

Tusen takk for laget.

Torsdag vert det tur til Eitrefjellet, rundt Storevatnet og Korsvatnet til Valsetheida og nedatt.

VEL MØTT!