Rundtur med ulike muligheiter.
Denne turen er nummer to i rekka av dei som trimgruppa har i programmet til Naturfestivalen.
Flott at so mange ville vere med på turen som skulle gå oppover Nakkeløypa, rundt Storevatnet og Korsvatnet, ein pause ved hytta til Ola på Valsetheida, so over fjella mot Eitrefjellet nedatt bratthenget.
Desse spreke ungdommane er frå Belgia, dei vart inviterte til å vere med å sa ja.
Nathalie, Jan, Jannes, Karen og Sam.
Då vi starta kom ei formidabel regnbyge, sånn berre for å erte oss.
Marit er like bli, og vi gjekk i veg.
Godt innesnurra i hetter og ytterjakker må vel dette gå bra.
Litt lysare vart det uti Nakkeløypa.
Unni har stor fart også uten ski.
Utikta mot Statsbygg sitt monument viser godt herifrå.
Alle er i god tru om at snart skal det lette.
Arve og Fred hadde tenkt åvente til byga var over men det tok litt lang tid så det var berre å kaste seg uti det.
Laaaaang rekke oppover trasèen.
Her er utsikta frå nedre del av Nakkeløypa, Nakkenakken og ein turbulent himmel.
Råsa går i sikksakk men bratt er det likevel.
Snart oppe ved tidtakarbuda.
Jammen lysna det og sola kom, no kan vi sjå innover Bjørdalen.
Mary Ann fann ein frosk, kysse den neiiii....
Vakker utsikt innover Vatnedalen, den nye skogsvegen er godt synleg frå her.
Vi vandra vidare.
Godt tempo hadde vi.
Lett å gå når det slutta å regne.
Nokre kasta jakkene og det vart varmt no.
Veirahaldet ligg i bakgrunnen og breider seg.
Blåtinden ser vi no, der er en del snøv att.
Lita pustepause medan vi ser mot "Ørsten og Volden".
Litt børsing?
Dei tre sprekaste står klar ved Storevatnet, klar til å trippe over hellene som ligg så stødt.
Torine, Iver og Eskil.
Nottane sin nedre trekkstasjon ser vi like bak.
Vakkert å sjå utover folket, fjell og fjord.
Så rusla vi vidare rundt vatnet.
Dei yngste held teten, fyrst rundt Storevatnet, så Korsvatnet.
Det gjeld å halde litt høgde for det er vått nede mot vatna.
I det fjerne skimtar vi hytta, solrikt og flott.
Det "aula" av folk rundt og inni hytta.
Nina og Kari på trappehella.
Janita og Bjørn Ottar på ein stein.
Petra, Alvhild, Bente og Haldis.
Eskil og Iver.
Linda, Marit og Anne-Lise syslar med kvar sitt.
Theo har ein plan.....
Bodil og Torine i hyttedøra, sjå ka vi fann....
Ein gedigen augestikkar godt forankra.
Karane Fred, Ollen, Rolfen og Rune nyt utsikta.
Gjengen frå Belgia tok masse bilder.
Her ser vi filmsnutt om Gunnar-råsa.
Fellesbilde: Arve, Ella, Kari, Rolfen, Anne-Lise, Terje, Theo, Mary Ann, Nina, Jorunn, Kanutte, Linda, Janita, Bente, Bjørn Ottar, Norunn, Alvhild, Iver, Rune, Petra, Siw, Torine, Eskil, Jannes, Ollen, Karen, Fred, Jan, Haldis, Marit, Narhalie, Sam, Unni og Bodil.
Nokre gjekk via Eitrefjellet og nedatt bratthenget, medan resten gjekk Tvergrovråsa.
Under ein måned sidan desse viddene var dekt av snøv.
Terje fortel litt og førebygging av vatn, han fekk ein vannstand på 2,10 m i kjellaren så då starta han førebygging her, og det har gått bra so longt.
Ei anna historie er det ved desse elvene då Tvergrova og Valset krangla om vatnet.
Rett der nede ligg dalen, her er råsa bratt.
Setremurane fortel kvar dei mjølka og bar mjelka nedatt på hylkje, i bratta.
Pass på trakke på rette steinane, Torine kan dette.
Ella har fått ein liten parasoll over seg.
Godt med ei hand å hjelpe seg med.
No er vi nesten nede og desse blide damene : Jorunn, Petra, Mary Ann og Linda vil på vegne av alle få takke for laget.
Ein storarta tur med kjekke folk.
Måndag får vi satse på at vi får ein vellukka tur til Keipen.
VEL MØTT!