Høgenausa.
Oppmøte på Nygårdstunet.
Wenche, Nina, Janneche, Rolf, Bente, Marit, Rune, Terje, Theo, Bernt Arve og Rolfen.
God fart oppover markane mot råsa.
I beitet fann vi Solblomen (Arnica montana) ikkje i blomst enda,
eit av få eksemplar her i distriktet.
Råsa oppover beitet var råsa svært våt.
Ved dei store granene var ingen kyr som søkte ly i dag.
Liten pause før neste etappe.
Fin hellebru over ei lita klopp.
Litt reperasjoner måtte til ved neste bru, no ligg hellene på plass.
Ei lita pause ved "benken henna mor".
Terje ved benken under treet, Theo- ikkje i ro nok til å kome på bilde.
Litt drikke før vi fortsett.
Ved steingarden er det siste plass for påfyll av drikke, no kjem vi ut i opnare terreng.
Opp går det bratt og raskt.
Snart ser vi fjorden og Sæbø.
Der er målet før siste etappe, oppe ved snøflekken.
Bernt Arve, Rolfen og Rune klar for bratta.
Nyslegne markar og mykje snøv i toppane.
Bratt stigning, Nina,Wenche, Janneche, Rolf og Bente.
"Skyttelen" er ikkje hol i- so det betyr bading forbudt.
Her går råsa vidare inn i skogkanten.
Litt småprat før siste innspurt.
Godt å halde seg i treda når råsa er bratt.
Flotte trappetrinn på somme stadar.
Lett å gå i trappa, lokalt sherpaarbeid.
Då var vi ved snøflekken før siste bakken.
Nina og Janneche.
Rolf opp siste svingen.
Skårakjellene på snøven.
Bente og Marit.
Sæbø i skodderegn, no kom der ei regnbyge.
Fellesbilde vart det:
Bente, Bodil, Terje, Rune, Bernt Arve, Rolf, Marit, Rolfen,
Nina, Janneche og Wenche. Theo får ein godbit i premie.
No var det på tide å kome seg nedatt, over snøven gjekk stråda.
Skodda låg tung fram i dalen.
Jammen letta det så vi slapp regn på nedoverturen også-flaks!
Fin tur til eit underbart turmål, nytast best i sol og fint vër
men er ikkje så verst i regn helder.
Torsdag er det tur til Stokkehornet,
Vi møtest på parkeringsplassen fremst i vegen på stokkesida.
Dersom veret er for dårleg til topptur vert det Klokkura i staden, avgjerdsla vert på parkeringsplassen.
Vel møtt!
Kommentarar
Retta !