Eit femårsjubileum

er det i desse dagar sidan vi fekk ordna eit samarbeid som resulterte i ei brei mediedekning  av slitet det var å sanke kjea som vart skilde frå geitene og fekk leve "Herrens glade dagar" på fjellet i sommarmånadene.

Vi skal ikkje gjenta denne historia sidan det var så pass mykje omtale den gongen. I staden leitar vi fram ein del bilete som ikkje kom på trykk. Dei har ei viss interesse sidan dei fleste er tekne frå helikopter. Ein får ei ny oppleving når ein ikkje lenger er fjellvandrar, men fugl med fugleperspektivet i søkjaren. Difor ein kavalkade nedanfor:

NORDSIDA AV STÅLBERGHORNET

Bilde 077

Nordveggen av Stålberghornet i retning mot Slogen og Norangsfjorden. Øyvind Berge Sæbjørnsen med kamera, open dør på babord, fastspent i solid sele.



UT OVER FJORDEN

Bilde 064

Det trengst ikkje kommentar til dette fotoet. Vi heng her mellom Gallesteinane og Sævåg i knapt 1000 m høgde.

PÅ PRÆRIEN

Bilde 074

Det er ikkje så flatt oppe på Stålberghornet som ein kan tru. Difor er det heller ikkje vatn her oppe. Elva Kjyrjukelen  har eit markert elvefar oppe på "flata". Dette var beitemark for kjea. Lekneset tittar fram t.h. Sæbø-området ser vi på andre sida av fjorden.

FRÅ AUST MOT VEST

Bilde 088

Austtoppen av Stålberghornet (1284 moh.) er temmeleg "laus" i strukturen. Ein kilometer lenger vestover ser vi Nipå (1038 moh.).  På det lågaste mellompartiet ser vi elvefaret etter Kjyrjukelen. Massivet mellom sjøen og Nipå og aust til næraste toppen er ein km. Sørover like langt (1 km) utgjer 1 kubikkkilometer. Denne "kassa" kunne røme heile befolkninga i verda og vart knapt halvfull!

MOT AUST

Bilde 090

Midt i biletet ser vi mot Helgådalen. Austtoppen på Stålberghornet t.h. Konehornet bak Helgådalen. Øyelandet nede, inst i fjorden. Vi skimtar eit par av vatna i Helgådalen. Helikopteret heng eit par hundre meter nord for Stålberghornet.


HELGÅDALEN

Bilde 101

Vi ser her det meste av Helgådalen. Elva Helgåna kastar seg utfor fjellet t.v. Fire vatn kan teljast i Helgådalen. Etter at kjea var komne hit vi landa med helikopteret, skulle dei jagast i fjellsida t.h. og over det lågaste punktet i skaret t.h. for Konehornet.  På baksida av skaret ligg Konedalen som leier nedover til Norang.

Bilde 097

Ein luftig standplass for eit NRK-intervju med Ole Rønning. Jon N. Stennes kjem ut av cocpiten. Anne Bente Skjellum klar med spørsmåla på blokka. "Knapt til å tru, men det må bli siste gongen!" sa Ole i intervjuet. Dette var 14. gongen Ole var på Stålberghornet. Han var dreng på Stenes i sju år, så det vart meir enn ein tur kvart år. Slogen m.a. i bakgrunnen.


KONEDALEN

Bilde 124

Konedalen går ned mot Norang og Øyelandet. Når ein kom dit med kjea, var det "berre" å jage dei ut gjennom stranda mot Stenes.  Når ein veit at denne turen - frå Gallesteinane eller Sævåg i stranda mellom Stålbergneset og Viddal - skulle gjennomførast på ein dag, var det til å forstå at dette var eit tur for dei lettføtte.

NESTEN FRAMME

Bilde 129

Når ein får velje kvar ein skal vere fykande fugl, vart det freistande med eit sveip over Øye og Norang. Her vert det dokumentert for ein brei plass pelsdyrnæringa har her i området.

I MÅL!

Bilde 136

Så er turen omme og vi er klar for landing på Stenes. Vi ser bergbotnen under fyret og Brudefluda inn mot land. Takk for følgjet!

(Eg veit vel at det skal diskuterast korleis namna skal strivast. Eg har i dette høvet følgt skrivemåten som er brukt i karta. Vi seier ikkje Konehornet eller Konedalen, men når eg skulle gjere eit val, vart resultatet slik, denne gongen!)