Årskogstøylen og Keipen.
Vi telde og telde men kom til at vi var omlag 43 personar og ein hund.
Terje, Ollen, Heidi, Herbert, Ole-Ragnar, Ariana, Monika, Astrid, Stein, Rune, Sverre, Nina, Janita, Bjørn Ottar, Else- Karin, Angsgar, Annlaug, Olaug, Janneche, Unni, Sindre, Ingrid, Stine-Inger, Reidar, Ragnar, Kjersti, Kanutte, Knut Olav, Kjell- Rune, Nils-Ola, Maya, Hilde, Siw, Frøydis, Bente, Turid, Bente, Haldis, Janne, Bodil og Rolfen.
Sola skein og alle gledde seg til ein fjelltur med opplett og utsikt.
Tett med folk oppetter vegen.
Alle var klare for ein tur i Holedalen.
Sjeldan to bredder med rekkje i metervis nedover.
Maurtuene var gigantiske som dei brukar.
Inni granskogen er dekket mjukt å gå på.
Små stopp i råsa for å samle flokken måtte til.
Det var god fart og vi kom snart opp til drikkekjelda.
Her er det berre å forsyne seg, betre vatn finn du ikkje.
Ein liten rast for å puste på.
Litt tid for prat og kiking på turmål.
Det formelig aula med folk ved elva.
Vidare gjekk vi.
Råsa opptil Årskogstøylen er tørr og god.
Rekkja strekte seg uendelig langt.
Lette på foten var alle, farta var høg.
Snart oppe ved Årskogstøylen no.
Lita orientering om Holesetra og Thereseråsa, der vert det tur på Torsdag.
Då var det registrering og skriving i boka.
Varmt og godt, sola kom fram og skein litt også.
Blide fjes overalt.
Vi måtte kaste jakkene og fylle på med drikke.
Når alle hadde fått kvile var vi klar til start att.
Litt snaks må vi ha fyrst.
Du kan sjå rekka med folk oppetter råsa.
Bjønnen hadde nok fått fart i jaktinga denne dagen.
Snart er vi så langt oppe vi ser Høgereset.
Ved elva er det nesten kø.
Lett å kome over no, mindre vatn.
No svingar vi mot Keipen.
Småvardane viste vegen vidare.
Litt pause for å samle flokken.
Vidare etter råsa med varding fortsatt som merker.
Trur vi fyllde dalen med folk.
På ryggen ser vi utsikta mot Sæbø og fjorden.
Keipen ligg no ganske nerme.
Fint å gå langs ryggen mot målet.
Utsikta framover dalen er fantastisk.
Bilde må takast.
Øverst vert det endel urd.
Flott utsikt allereide.
Siste ura er godt varda.
Feltet var spreidd frå toppen til nedover ryggen, kvar sitt tempo.
Oppe på toppen av Keipen har det antakeleg aldri vore slik folkemengde før.
Fellesbilde med nesten alle!
Småkos.
Børsing.
Mat og meldingar.
Bilder og småprat.
Vi i Trimgruppa takkar for laget med dette bildet frå Keipen.
Alle var svært hjelpsame og gjorde dette til ein triveleg tur for alle som var med.
Tusen takk for ein triveleg tur.
Torsdag er det tur til Holesetra opp Thereseråsa.
Dette er ein familietur med bål og du kan spidde pølser.
VEL MØTT!
Kommentarar