Familiedagen var i si tid eit tiltak som Åmdal Bygdekvinnelag og Ørsta Reiselivslag starta opp. Arrangementet har samla mykje folk, og på det meste har det delteke rundt 800 på den populære familiedagen. I år er det Bjørdal grendalag som tek over stafettpinnen etter Åmdal alpint som var arrangør i fjor.

imgp5798_large_
Frå ein familiedag frå sommaren 2008. Mange hadde møtt fram i det fine vèret.
Foto Knut Hustad


I fjor vart naturstien rundt vatnet noko amputert pga eit stort jordras som hadde øydelagt vegen på vestsida, men i vår vart vegen reparert og no er det framkomeleg både for syklar og vogner. Samstundes som at vegen har fått seg eit andletslyft, har den vorte smykka med nye flotte skilt over stadnamn som finst rundt vatnet. Difor går naturstien komande søndag rundt heile vatnet(3km) slik han har gjort tidlegare år.
Naturstien vil by på innslag av husdyr, noko som har vore særleg populært for borna. Dei som vil kan delta i rebusløpet som har relevante spørsmål om ting ein kan observere på turen rundt vatnet. Alle som deltek i rebusen er med i trekkinga av premiar som lokalt næringsliv har sponsa. Nytt av året er at trekkinga av gåvepremiane skjer på slutten av arrangementet, her har alle like stor vinnarsjanse, medan dei tre som har best poengskår vert kontakta av arrangøren seinare.
Det vert tradisjonen tru sal av rjomegraut og pølser for den som vil nyte søndagsmiddagen ute i det fri, i tillegg vert det sal av kaffimat som nysteikte sveler, kaker og is.

Dalsvatnet

Dalsvatnet ligg der stilt og idyllisk innerst i Bjørdalen, lett tilgjengeleg for alle.
Foto Astrid Bjørdal


I inste enden av vatnet held Volda og Ørsta Skogeigarlag til, dei kokar ekte skogskaffi til den som vil smake og her er det fint å ta ein rast før ein går vidare. Medan ein rastar her, kan ein skrive seg i trimbøkene til både Åmdal og Ørsta trimgruppe. Ørsta trimgruppe lokkar med ekstra poeng denne søndagen, medan Åmdal trimgruppe si bok ligg der heile fottursesongen.
Ørsta jeger og fiskeforeining opplevde stor interesse av kajakk og kanoutlån i fjor. Dei vil vere tilstades med utlån også i år, og dei som vil prøve fiskelukka kan delta i fiskekonkurransen. Har nokon lyst å ta seg ein tur på hesteryggen, vert der også moglegheit for det på nordvestsida av vegen rundt vatnet.
Ørsta Røde Kors vil vere til hjelp viss nokon skulle få eit uhell. Der er også folk som vil hjelpe til med parkering. Arrangementet startar i tolvtida, og varer utover ettermiddagen.

Vi ynskjer alle vel møtt til ein hyggelig familiedag ved Dalsvatnet i Bjørdalen!

Arr. Bjørdal grendalag