Ytre-standal-2_2010Det skjer mykje på Ytre-Standal gjennom heile dagen.

På parkeringsplassen ved brua vil det frå kl 11 vere folk som orienterer om dei ulike aktivitetane og turane. Her kan ein også melde seg på. Det er lokalkjend guide med på alle turane.

Arrangør: Stavset og Ytre-Standal grendelag


Velg mellom desse tre fotturane som alle startar kl 12.00:

Tur

Til fjells – Hauén og Molladalskaret Først grusveg og vidare sti til hovedsetra på ”Hauén” 3 km framme i Ytre-Standal. Om vêret er godt, går vi vidare til Høgevatnet eller Molladalskaret. Ca 4-5timar. Gratis tur.

Midt i dalen – Kagebakken Vi går framover på sørsida av dalen til den vesle setra Kagebakken midt i dalen. Deretter kan vi fortsetje vidare til bruene ved setra på Hauén. Tilbake på motsett side. Ca 3 timar. Gratis tur.

Langs fjorden – Hjellane Vi følgjer den gamle rydda vegen oppe i strandsida mot Ysteneset og den vesle setra Hjellane. Turen tek ca to timar. Gratis tur.

Aktivitet i grenda

Historie og gardsdrift på Ytre-Standal: Storskjerm på Nilsløda kl 14.00.

Film og bilete: Ytre-Standal – liv og lagnader. Det vert film (1943 – 1969) frå grenda og bildevisning ”non stop” denne dagen i Nilsgardsløa for den som vil sjå og lære meir.

Enkel servering i løda med mat som pølse med brød. Suppe, kaffi, vafler og svele.

Ope gardsmuseum på Bakkane heile dagen.

Industri: Omvisning på Marine Harvest settefiskanlegg På parkeringsplassen ved brua kan du melde deg på omvisning i eit produksjonsanlegg for smolt. På Marine Harvest si avdeling på Ytre-Standal er det produksjon av yngel og settefisk i ferskvassbasert akvakultur.

Fiske: Småsei m.m. Prøv fiskelukka frå kaia og langs stranda nedanfor gardane på eiga hand. Ta med fiskestang.

ytre-standal-setra1