Thereseråsa/ Holesetra

001

Godt kledde for ekte sunnmørsvër starta vi oppover Thereseråsa.

002

Gamle fjøsmurane og hjertelige merker på trea helsar oss i starten på råsa.

003

Theo ville so gjerne gå fyrst, og det fekk han.

004

Me hine kom etter, på rekke og rad.

005

Gubben og gamla hadde trekt moseparykken godt nedover øyrene, trur dei fraus litt.

006

Med lysande flugesopp som viste veg fann vi stien vidare oppi granskogen.

007008

Kongledingel på granene, og ein fin sess for ei kvild finn du på vegen.

009

Litt tid for prat og pustepause rakk vi også.

010

Blomstrande pynt glitra i lysstrima som kom mellom trea.

012

Ei lita lilla marihøne såg litt frosen ut i kulden.

011

Her har råsa vidare mot Årskogstøylen og Nøvedalen vorte fiksa etter vinterens herjingar.

013

No er vi nesten oppe den siste granskogen, konglane er litt vanskelige å sjå men dei heng der.

014

No letta det litt og lyset vart betre, Kari og Helga i godt prat.

015

Jorunn i lekker sydvest, snart oppe ved målet.

016

Ann Helene, Ståle og Ingebjørg smilande blide for at det letta litt.

017018

Terje og Hilde klar til siste innspurt, Bodil i full regnmundur.

020

Då var vi oppe, skriving i bok og ein liten sess på benkane.

023

Vi lurer på om vi skal nyte utsikta oppover....

026

Mot nysnøven i fjella, hallo det er 1 juni....

019

Nei, då er det kansje betre å sjå på denne flotte utsikta i dag.

027

Teje og Theo, Bodil, Kari, Helga, Hilde, Ståle, Jorunn, Ann Helene og Ingebjørg.

031

Då var det tid for heimtur, skogen er grøn men lyngen let vente på seg.

032

På veg heim var vi einige om at det var ein "eventyrleg" tur sjølv om råsa treng eit skikkeleg opptørk.

033

Takkar så hjerteleg for laget.

Neste måndag er det tur til Gunnar-råsa og Storenakken.

VEL MØTT !