Hjørundfjord sogelag og Hjørundfjord kulturvernlag samarbeidar om krigsutstilling på Sæbø skule under Hjørundfjorddagane. Vi ynskjer å ha fokus på dagleglivet under krigen, ikkje på dei store slaga. No held nemnda på med innsamling av gjenstandar, vi er ute etter eit vidt spekter. Ikkje noko gjenstand er for liten, så ta kontakt om du har ting.

Mat og kle.

Vi tek gjerne imot oppskrifter nytta under krigen t.d. Korleis fekk ein maten til å strekkje. Vi ynskjer ulike rasjoneringskort, vi har nokre, men dei er frå like etterkrigen.

Det var ikkje lett å skaffe tekstilar under krigen, ein var glad om ein hadde kle å sy om att. Slike omsydde kle, er også noko som vi gjerne tek imot til utstillinga. Har du dukar broderte på mjølsekkar, hadde vi sett stor pris på å låne dei også. Elles tek vi imot det som måtte finnast. Problemet er vel at vi kastar ofte ting som vi ikkje der og då ser verdien av.

Skulen og samkomer.

Sit nokon med skulebøker frå krigen? Eller anna blad og tidsskrift. Vi

Vi veit det var vanskar med å stelle i stand samkomer under krigen. Til og med ein stakkars basar som skulle vere på losjehuset måtte ein ha løyve til. Innhaldet skulle sjølvsagt vere godkjent på førehand. Har du skriv om slike høve, låner vi gjerne for å ta kopi. Originalen bør eigaren behalde.

Ingen ting er for liten.

Dette har nesten vore mottoet for nemnda bak utstillinga. Difor har du noko som kan vere av interesse, ta kontakt med Eldbjørg Tvergrov om du bur på Hjørundfjordstranda, Helge Urke for dei i Norangsfjorden, Alexander Riise Olsen og Jon Urkegjerde for dei i Bondalen og Maria Nikkinen Rørstad for Storfjordområdet.

Utstillinga har fått økonomisk støtte frå Norsk Kulturråd.

 

Synnøve Rekkedal Hill

For nemnda i Hjørundfjordutstillinga.