Hjørundfjord og Norangsfjord

er ein lang artikkel som presenterer området vårt for den som er interessert og som finn fram på nettet til Portalen. Presentasjonen har ei rekkje foto og kart saman med lang tekst og er derfor ikkje så publikumsvennleg med tanke på at alt skal vere kort og kjapt.

Presentasjonen er å finne både på norsk, engelsk og tysk.  Det er meint at ineresserte skal få eit visst innblikk om fjorden og bygdene langs med. Endestasjon er grensa mot Stranda i Norangsdalen.

KH Frå Leknesnakken

Knut Hustad sitt foto frå Leknesnakken .

Otolhornet nordover.Hilde Sæbønes

Hilde Sæbønes sitt foto frå Otålhornet illustrerer fjorden .

Og så "tallenes tale":

Det er råd å sjekke opp kor mange som opnar denne presentasjonen som ligg under stikkordet "Tourist information" på Portalen. Vi veit sjølvsagt ikkje kor mange som verkeleg les stoffet.  Det som overraskar mest, er at fram til i fjor sommar, var det omlag halvparten som hadde opna den norske versjonen: Norsk 1630, engelsk 1151, tysk: 842.

Men pr. i dag er tala slik:

Engelsk:    10.054

Norsk:        3.887

Tysk:          3.086

SUM:        17.027

Eg skal ikkje uttrykke anna enn det som tala viser.  Kanskje er det grunnlag for å seie at det er nokon som ser oss!??