INDRE HJØRUNDFJORDS FORHISTORIE
Anna og Jakob Morks Stiftelse i samarbeid med Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag presenterer denne interessante historiske boka om Bjørke si fortid
Kl 14 Motaking  og presentasjon av boka .
Sal av rømegraut og open kafe
Sal av boka . Tilgang på kortterminal.
Arr: Anna og Jakob Morks Stiftelse og                                                                                                      Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag


Pressemelding


Kom dei første vikingane frå Bjørke i Hjørundfjord?


Bjørke var hovdingsete frå ca 300 e.Kr. Den samanhangande busetnaden på Bjørke og bygdene kring er etter arkeologiske registreringar 2000 år eldre enn før påvist går det fram av boka Indre Hjørundfjords forhistorie, som blir lansert under Midtsumar på Bjørke, laurdag 20 juni 2015. Boka er på 176 sider, rikt illustrert, og omhandlar arkeologien i indre Hjørundfjord frå dei eldste tider til og med vikingtida. Redaktør har vore lokalhistorikar  Kjell Inge Bjørke, og boka er utgitt av Anna og Jacob Morks Stiftelse.


I 1932 vart det på Bjørke kyrkjegard funne eit gylt bronsebeslag i ei kvinnegrav frå før 800 e Kr. Eit angelsaksisk arbeid, hevda ein av dei førande norske arkeologane den gongen, Johs Bøe, ei tolking som seinare har vorte stadfesta av stilkjennarane, professorane Egil Bakka og Egon Wamers. Johs Bøe gjekk også så langt som å hevde at beslaget måtte vere frå ei av dei første vikingferdene. Det har no lukkast historikaren og arkeologen Lars Ørstavik å sannsynleggjere at beslaget stammar frå det vel dokumenterte åtaket i 793 e.Kr på klosteret på Lindisfarne, ei øy på Englands austkyst. Historikarar flest reknar dette åtaket for sjølve starten på vikingtida. Ørstavik knyter dette opp til funnet av Lindisfarne Priory Stone i 1920, og hevdar at eit lite skipsmannskap frå Bjørke drog vikingtida i gang.


Etter istidas slutt for knapt 12.000 år sidan stod havet 60 m over dagens nivå, og Hjørundfjorden strekte seg fram til Saure. Arkeolog Øyunn Kleiva frå Kulturavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune viser korleis landhevinga så skjedde i alle bygdene, rikt illustrert på kart avThomas Bruen Olsen frå Universitetsmuseet i Bergen. Dette illustrerer kvar busetjing var mogleg i ulike perioder. Dei eldste funna i området er frå  yngre steinalder og fortel om både dei siste reine jegersamfunna og dei fyrste bøndene. Ei rekke funn frå arkeologiske registreringar 2007-2014, frå Viddal, Leira, Kalnes, Åkre, Sætre og Bakkedalen gjer at Kleiva og kollegaane Jo-Sindre Eidshaug og Johanne Ranvik, kan vise ulike element frå  gardsbusetnad frå eldre bronsealder av, og dermed er 2000 år der ein tidlegare ikkje kjende funn, belyst. Åkrar, tun, og truleg naust og støyl, gjev ny innsikt i lokal livberging. Høgt oppe i Bakkedalen fann Jo-Sindre Eidshaug og Arve Nytun kokegrop frå eldre bronsealder, dette er eldte tidfestinga vi har frå gardssamfunna sin bruk av fjella på Sunnmøre.


I eldre jarnalder mot slutten av romartid (0-400 e.Kr) finn hovdingsetet på Bjørke si form, og professor emerita, Bergljot Solberg, viser jarnet sine omskapande verknader på samfunnet, og korleis dei mange gravene på Bjørke reflekterer avlidne sine roller i samfunnet, deira sosiale posisjon, men  også  bjørkesamfunnet i den større handels- og kultur- samanhengen med impulsar nært og fjernt.


Arkeolog Arve Eiken Nytun har laga eit heilt nytt og omfattande kartmateriale, medan Roger Håndlykkens fine strek tek oss attende til tida og personar som ein gong var. Arkikon viser ma korleis tunet på Leira kunne ha vore i folkevandringstid. Funna som i dag er på og ei rekke også utstilt på Ålesund Museum, Sunnmøre Museum og Universitetsmuseet i Bergen er alle avbilda i boka, og er og samla i ein katalogdel av redaktøren. Fantastiske Osberget har formgjeve boka.