Årskogstøylen, Høgereset og Holekonevatnet.

035

Fred, Grethe, Rolfen, Bernt Arve, Theo, Terje, Kanutte, Rune, Jorunn, Janneche og Helga.

036

Gunn, Nina og Ella.

037

Kari og Ansgar.

039

Fred og Ansgar i godt prat.

041

Terje, Bernt Arve og Rolfen måtte roast litt ned.

040

Rune i godt tempo han også.

042

Kanutte, Grethe og Nina, blide kjelle!

043

Gunn, Ella, Kari og Helga.

046

Litt etter kvart kom også Irene.

Då vart vi sytten og ein hund.

047

Mykje Bekkesildre ved drikkeplassen.

050

Tyttebæra blømer rikeleg og vitnar om ein bærrik haust.

055

Baktroppa kom etter, Bæædil, meeli, sauul, meekra og lammo.....

058

Framfør oss var ein heil gjeng til, men dei gjekk lett i frå oss.

059

Etter ei kvild med skriving i boka var det full innsats att.

060

Flokken gjekk vidare mot Høgereset, alle vart med.

062

Veret var flott, råsa god og det gjekk raskt oppover råsa.

064

Klokkelyngen blomstra rikeleg.

057

Sjå kor mykje blåbær det verte i år!

Hurra!

065

Au au, litt Hagtornrust fann vi og.

Den såg vi på Laua også, vekselsopp som bytar mellom Einer og Hagtorn.

066

Vi nerma oss elva og ho har vokse mykje på tre dagar, kom vi oss over skal tru?

067

Med gode hender å halde i og litt hopp gjekk det bra , alle  kom over til andre sida.

068

Snøskavl som heng over elva i snart juli, jau jau.

069

Her svingar råsa oppover mot Keipen, men vi strena vidare mor Høgereset.

Sjå berre skiføret nedetter fjellsidene.

071

Mykje kjekt å fotografere, Bernt Arve mellom anna.

072

Ei oppkome, vi har so mykje godt vatn i dette landet at det kjem rett opp bakken.

074

Litt snøv å krysse før vi startar på ryggen oppover mot Høgereset.

075

Snart oppe.

076

Kald vind frå snøkledde lier omkring, her måtte vi ha på jakkene.

077

Somme måtte bort å sjekke "Bjønnalauget".

078

Reine brevandringa det.

079

Tja hadde vel klart å legge av so vidt, men ikkje særleg fristande nei.

Vert vel betre vil eg tru, mot august?

081

Holekonevatnet.

Dei fleste tok runda bortom for å sjå.

083

Bratt rygg ned mot vatnet.

084

Og djupt er det.

085

Elva var vassrik og bratt, ikkje so fristande å bade i dag.

086

No sto det att å kome seg over elva til Årskogstøylen att.

Bernt Arve kan skimtast langt nede mot elva,han fann ingen god plass å krysse so det er nok best å krysse høgare oppe.

Alle kom seg over til sist.

Vi kom oss trygt over ca 15 meter lenger nede enn her, men nokre føter vart litt våte.

Ein innhaldsrik og frisk tur.

Torsdag  er det tur til Tua på Sæbøneset, meldingane er flotte.

Husk Rune oppmodar alle til å gi 100 kroner til kirkens nødhjelp, bli med på turen og få unike bilder frå toppen av Tua på Sæbøneset.

Vel møtt!