Fjellbingo!

Korleis spelar eg?

Du kjøper eit bingoark, registrerar deg med namn og får eit deltakarnummer på Joker eller bellingen, Kvart ark kostar kr.50,-

Du kan sjølv velje kva tid og kva turar du skal gå, berre husk å skrive deg i trimpostboka på turmålet med deltakarnummer.

Kryss av på arket ditt etterkvart som du når turmåla.

Du kan velje rekke eller linje(loddrett eller vassrett)

Dersom du går alle turmåla har du fått fyllt heile brettet, då er du med på trekninga om hovudpremie.

"Lodd" til andre gevinstar får du for kvar linje du har fyllt ut, så du har fleire sjangsar på kvart brett.

Reglane står på arket, og om noko er uklart kan du spørre oss i trimgruppa.

Vi håper på stor deltaking og at alle får mykje turglede gjennom sommaren.

Turane finn du i trimgruppa sin turguide, og om du vil ha selskap på turen so er det berre å vere med på trimgruppa sine måndagsturar gjennom sesongen- so fylle du brettet lett so berre det!

TURMÅLA:

OLAVSHOLA

STOKKESETRA

GUNNARRÅSA

STORENAKKEN

ÅRSKOGSTØYLEN

TUA PÅ
HUSTADNESET

STOKKEHORNET

HØGERESET

THERESERÅSA/

HOLESETRA

TUA PÅ
SÆBØNESET

GRØTHAUGEN

KEIPEN

VASSTØYLEN

FRØLANDSETRA

KLOKKURA

VALSETHEIDA

Lykke til og kos deg på turen!