Vår på Hjørundfjordheimen.
Barnehagen kom og øvde på 17 mai tog nokre dagar før den store dagen.
Kjende songar og flotte flagg.....
Og ikkje minst flotte born.
Hipp Hipp Heisan Hurraaaa...
På sjølvaste 17 mai skal vi kose oss og is er noke dei aller fleste kosar seg med denne dagen. Marie er enig i det.
Middagen er Rømmegraut, Grethe serverer i gode porsjonar.
Brus, bunad og besøk, Tiril og Sigrunn i sofaen.
Baldrian er også pynta til 17 mai.
Her er verandaen fyllt og alle ventar på toget.
Toget kom , spelte og song, høgtid og tradisjon for full musikk.
Indre og Karen kosar seg i sofaen med pledd.
Nikoline tek oppvasken i ein fei, godt å få unna husarbeidet.
Karen ser på bilder i lag med sonen.
Det gode liv, godt somme veit å nyte finevêret når det kjem.
Karl, Marie og Oddny.
Karen ,Solveig og Jofrid i vårsola.
Linda har gått Josten på langs på ski, spreke kjelle!
Ho er så grei at ho held bildeforteljing om turen til spente bebuarar som får fylje med på tv sjermen og Linda fortel.
Telt i snøv er ikkje so fristande for gamle kroppar som for spreke ungdomar.
Med beundring ser dei og høyrer på kva ho opplevde på denne strabasiøse turen.
Marthe legg saman kle og held orden på sengkleda.
Ei lita blomehelsing til slutt!
Vi gler oss til sommar og varme, nyt kvart solglimt som kjem.
Mellom Hjørundfjorddagane og Jonsok vert det Gardsdag som i fjor, vi håper på godt vêr og at mange kjem og deltek på aktivitetane denne dagen.
Dato må vi vente med til vi nermar oss og ser på vêrmeldinga.
Kommentarar