Kvanndalen.
Godt vødde for vêr av alle slag tok vi fatt på vegen opp til Kvanndalen frå krysset nedom bommen. Somme hadde gått frå Tvergrova så dei hadde varma opp.
Sjeldan ser eg slik proffesjonell bjørkesevjetapping, vi brukte brusflaske på greinene, her er det bora hol inn i stammen.
Litt vått i starten, men vi heldt godt tempo.
Terje med Theo, Vaida, Janneche, Bernt Arve, Irene, Jorunn og Kari.
Litt snøv etter vegen.
Trollsk stemning, mykje tre med skikkelig eventyrsjegg.
Til og med ei rogn var full av mose.
Omlag førti centimeter snøbara var det på det meste. Kari synest det var greit å sleppe ski.
Terje, Irene, Bernt Arve, janneche, Vaida, Jorunn og Kari med Bakketua/ Bjørdalstua bak seg.
Endeleg oppe, det gjekk fort, under halvtimen.
Flott utsikt mot Ørsta og Åmdalen.
Theo var rask i vatnet og tok eit bad. Fristande?
Her vert skiltet avbilda medan dei andre ser utover Kvanndalsvatnet.
Dette er "fækts".
Flott å gå rundt om på setra og på demninga.
Vi diskuterte litt kva tid demninga vart bygd, nokon som veit?
Arbeidsledere P J Strømme og Peder Jonasen signerte dette i 1944.
Forkslalingsnekker Hans e. Mo 1941.
Vidt å sjå utover Kvanndalsvatnet, som er omlag sju km i lengde, det største vatnet i Ørsta kommune.
Sjekk denne steinen som er sofa!
Djupdemålaren viser låg vannastand, røyrgata som eg huskar det var svært å balansere på når vi gjekk heim i "gamle dager".
Inne på hytta ei svært exotisk prisliste? Say no more.....
Flotte hytter på Kvanndalsetra.
Sola skein i Trollbotnen når vi rusla heimover att.
Bygene stod i Ørsta og over Vatnevatnet.
Vakkert lys over himmelen og vi hadde ein fin og triveleg tur.
Takk for laget.
Neste måndag vert det tur til Holesetra opp Thereseråsa.
Råsa er godt sleten og våt somme stader så husk gode sko dersom det ikkje vert svært varmt og tørt i nermaste veka ;)
VEL MØTT!
Kommentarar