Tur til Laua.

001

Eldrid stillte som sjåfør og henta oss på kaia så vi slapp å ta bilen over.

Kanutte, Janneche, Kari, Eldrid og Nelly, godt kledde for ein våt tur.

003

Rett etter kom lokalgaiden Oddhild, klar for tur.

002

Starten er godt merka, men denne gongen vert det ikkje heilt til topps på Slogen, men Laua som ligg ca 300 m.o.h.

005

Ut på tur aldri sur, Janneche og Oddhild blide og opplagde.

006

Då var vi i gong, rett oppetter råsa fyrste bakken.

009

Dei som har vore på denne råsa før har møtt på desse finurlege leda som gjer at du må ha litt meir intellegens enn dyra for å gå gjennom, vi bestod!

010

Granskogen er god å gå i, men bratt er det stort sett heile vegen.

013

Eldrid fekk trøbbel med staven men det fiksa vi fort, liten stopp for å nyte utsikta.

Eldrid, Kanutte, Nelly, Kari, Oddhild og Janneche.

014

Spesialgaidane: Oddhild, Eldrid og Nelly.

015

Nytt parabolsenter som gjer at dei som vil kan ha kabel-TV, ein må høgt for å finne signal her.

018

Ikkje fritt det vart litt klivring på sleipe våte steinar,men dette er sprekingar så ikkje noke problem.

020

Fonnene dura og vi ser at det framleis er mykje snøv i høgda.

016027

Skogsfiolen blomstra, sjølv om bildet vart dårleg, og har du god fantasi ser du at liljekonvallen står i knupp. 

022

Vålhammaren, flott utsikt og vi måtte utpå kanten å åsne litt for å få eit flott bilde med Øye og pelsdyrfarmane under.

024

No er vi oppe i lauvskogen då var t det lysare.

028

Oddhild viser veg,du kan sjå raudemerka, der råsa gjekk ned til Lunhem då Dagmar gjorde råsa uframkommelig ei periode.

030

Flott gjeng rett før vi når målet.

031

Vidare oppover går det i godt tempo.

036

FOR EIN UTSIKT!

041

Regnvåte optimista vel oppe på Laua, litt vått kamera,men.....

Bodil, Kanutte, Nelly, Kari, Eldrid og Janneche.

043

Etter  ei lita pause og skriving i boka var det tid for heimveg.

047

Mykje av granskogen er vekke grunna Dagmar.

049

Som du kan sjå er det eit heilt anna landskap enn tidlegare, granene er vekk og mykje arbeid er lagt ned for årydde råsa så den vart framkomeleg att.

051

På ei eine fann vi ein sopp, hagtornrust ein soppart som har vertsveksling med einer, det vil sei for å fullføre livssyklusen må den bytte mellom hagtorn og einer.

Så denne eina dør nok sakte men sikkert og soppsporane vil nok finne ein hagtorn å kose seg med etter dette.

053

jammen fann vi ei bok til å skrive oss i, nesten nede på flata. 

059

No kom sola strålande fram og verda vart reine idyllen.

061

Tilbake til start, nede ved vegen.

064

Laua ligg oppe på hammaren med lauvtre, vakker utsikt på raske høgdemeter, kan anbefalast i finevêr og regn.

Takk for turen, bli gjerne med på Torsdag, då vert det tur til Emblem.

Ta gjerne kontakt så vi veit om vi vert mange som skal samkjøyre.

Mandag 18 mai startar vi med Gamlevegen.

VEL MØTT!