Innvandrarklubben på Sæbø består av 21 damer som er tilflytta bygda. Vi møtast ca ein gong i månaden heime med kvarandre. Praten går og ideane myldrar, og då temaet ein kveld gjekk rundt Hjørundfjorddagane og kva som mogelegvis kan lyfte desse dagane til nye høgder, kom ideen om å lage vårrullar.

DSC_1125

Vårrullen er ein asiatisk rett som kan varierast på mange vis. Dei vi har laga består av eit fyll som inneheld mellom anna løk, gulrøter, kål, kjøtdeig, ingefær, chili, kvitløk og krydder. Dette fyllet vert steikt rulla inn i eit tynn lefse laga av ris. Når rullane er ferdige vert dei steikte i olje, og servert med ris, salat og dressing til. Vi vil også byde på vårrullar som er glutenfrie og utan kjøt.

DSC_0977

Damene i innvandrarklubben har møttest to kveldar frå 17.00 til  ca 23.00. Vi har skjert opp og steikt fyllet til vårrullane, rulla og pakka  dei til frysing.

DSC_0973

Etter endt økt er det prikken over ien å få sette seg til bords i godt lag og  smake på dagens produksjon.

Ein klubbkveld til gjenstår før rullinga av 700 vårrullar er frosne ned, og klare til å mette svoltne magar på Hjørundfjordagane. Vi vil verte å finne i vår eiga vesle vårrullbod på Hjørundfjorddagane, som vi vil gjere litt ekstra stafasjar med. Vi vonar at sambygdingar og alle andre som kjem innom under dagane får lyst til å smake på denne gode middagsretten.