8. mai er ein merkedag og ein offentleg flaggdag og ein dag som nokre få av oss huskar som den store gledesdagen i livet sitt. Vi fekk denne dagen i 1945 att  fred i landet, etter fem å med okkupasjon og diktatur i Norge og Europa.

01Rekkedal.Fredsdagen 1945 starta hornmusikken på

I 1945 starta det med tog frå Tvergrova og hornmusikk. Her vert det teke foto på Rekkedal.

Frigjeringsdagen var reine vårsleppet, og folk som var ellers sindige og rolige var som våryre kalvar og radioar som hadde vore ulovlige i dei sise åra, kom fram, og til og med dynamitt var teke fram og brukt til markeringa. Norske flagge vart sjølvsagt framme som eit av dei viktigaste symbola for freden ilag med hornmusikk, song og hurrarop i alle bygder og byar.

Vi prøver å gjenskape noko av stemninga denne dagen no i år når det er 70 år sidan freden kom tilbake, med fredstog og fredsgudsteneste.

Hjørundfjord sokneråd er arrangør ilag med ilag med Trimgruppa i Idrettslaget.

Det vert oppsett båt Kl.19.00 frå Lekneset slik at folk frå Norangsfjorden skal kunne kome seg til kyrkje i rimeleg tid. Det vert sett ein personbilett på 40 kr. som tilsvarar ferjebiletten.

Gudstenesta startar kl. 19.30, men ventar på toget som kjem frå Bondalen viss det skulle være forseinka. I gudstenesta deltek Generasjonskorpset og Lionskoret med musikk og song. Presten vil nytte talen som var brukt av prest Slotten på fredsdagen, i sin tale.

Per Urke vil halde eit fordrag om fredsdagen ilag med litt bilder. I utgongen vert det gitt høve til å støtte økonomisk Hjørundfjord Sokneråd for utgifter i høve med arrangementet.

Vi ynskjer alle frå heile kommuna til ei fellesgudsteneste i Hjørundfjord kyrkje denne dagen.

Hjørundfjord Sokneråd