Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon. Alle foto: Knut Hustad.
For omntrent eit år sidan fekk Sæbø sine to flotte informasjonstavler takka vere dugande entusiastar i trimgruppa i Sæbø IL og ikkje minst Sparebank1 Søre Sunnmøre. Men tavlene har ikkje vorte offisielt opna - ikkje før i går, fredag 30. april, men då vart det ei knallopning med ein stor fest i tillegg.
Og ein stor fest må ha korsong. Under kunstnaresk leiing av Øyvind Taklo framførte 6. og 7. klasse v/Sæbø skule første vers av Bondalssongen.
6. og 7. klasse v/Sæbø skule framførte 1. vers av Bondalssongen. |
Så var det leiar i trimgruppa, Bodil Skare, sin tur.
Bodil Skare er leiar i Trimgruppa i Sæbø IL |
Trimgruppa i Sæbø IL har i fleire år sett eit aukande behov for informasjonstavler på Sæbø. Ikkje alle er lokalkjende, men vil likevel ta seg ein tur i nærområdet. Men kvar skal dei gå. Løysinga måtte verte slike tavler, og tavlene måtte ha høg kvalitet. I tillegg måtte dei vere på fleire språk. Trimgruppa ordna og styrte på og fekk Manuela Ritter til å oversetje informasjonen til tysk. Benedicte Berg Hansen oversette til engelsk.
Men så dukka eit nytt problem opp - kven skulle betale? Det vart eit spleiselag, men utan kr. 50.000,- frå Sparebank1 Søre Sunnmøre sitt gåvefond, hadde nok ikkje tavlene kome opp. Bodil Skare takka også dugnadsgjengen og m.a. Flatnes maskin for god insnats.
Og når Bernt Østgård var på gli og allereie hadde klipt flaggsnora, ja, så vart han og Lillian Foldal, også frå Sparebank1 Søre Sunnmøre, i så godt humør at dei drog fram eit par sjekkar til.
Frå Sparebanken sitt gåvefond dette året fekk Bondalen Frilynde ungdomslag kr. 50.000,-. Pengane vart mottekne av Åse Lill Leknes og Janne Solhaug. Dei kunne fortelje at v/Bondalen grenmdahus er der ein liten park, ein park som også har hatt ei scene. Men den gamle scena var så nedsliten at ho måtte rivast for ikkje så lenge sidan. No ser dei to fram til at parken skal få ny scene og frå scena vert det kanskje ikkje så mykje dansemusikk som i tidlegare år, men Åse Lill og Janne kunne love at der skal kome mykje familieunderhaldning.
Så var det Sæbø IL og Tonje Rem sin tur til å ta imot ein sjekk. Denne sjekken var på kr. 75.000,-. Og desse pengane vil verte brukt til nytt "gras"dekke på ballbingen ved Sæbø skule. Ballbingen er så mykje brukt at noverande dekke er totalt utslite.
Bernt Østgård sa det var ei stor glede for Sparebank1 Søre Sunnmøre å få gi pengegåver til slike gode, konkrete prosjekt som han visste mange ville få nytte av og mange ville bruke.
Her ser vi Bernt Østgård og Lillian Foldal frå Sparebanken (bak) saman med Åse Lill Leknes og Janne Solhaug( i midten) og Tonje Rem (til høgre). |
Frå venstre: Åse Lill Leknes, Tonje Rem, Janne Solhaug - og Henriette Solhaug. Så var det tid for marsipankake- og fruktfest. |
Ja, marsipankake, brus og kaffi høyrer ein slikf est til, men "kakebordet" hadde også to store fruktfat.
Fruktfat høyrer til når trimgruppa arrangerer. | Sæbø sentrum har langbord. |
Lillian frå Sparebanken delte ut kaker til alle. |
Kommentarar
Takk til Knut som har teke seg tid å skrive om ei slik flott hending på Portalen. Det er ikkje alle som les Møre-Nytt og FB.