Kristi himmelfartsdag, inneklemte fridagar og pinsedagar.  Mai har mange fridagar og er i tillegg den vakraste månaden.  Difor opnar Strands bakeri ved ferjekaia på Sæbø dørene onsdag den 13. mai klokka 0930.

kafe_dugnad_saeboe_010_copy1

Strands bakeri har alltid dagsferske bakarvarer i tillegg til kafè og uteplass med det som må kunne kallast ei framifrå utsikt.

Opningstidene er vanlegvis frå klokka 0930 til klokka 1630.
Laurdag er opningstidene frå klokka 0930 til klokka 1500.

Kristi himmelfartsdag og pinsedagane er opningstidene frå klokka 1000 til klokka 1630.

I første omgang vert bakeri og butikk ope frå onsdag 13. mai til og med andre pinsedag.  (17. og 18. mai stengt).

Men fredag 5. juni opnar den lange og gode sommarsesongen. Også då er opningstidene på kvardagar frå klokka 0930 til klokka 1630. 
Laurdagar:  Klokka 0930 til klokka 1500.

Utvalet i hyllene vert minst like godt som før, dvs. Hjørundfjordbrødet, Ørstabrødet, grovbrødet og alle dei andre brødsortane.  I tillegg kjem sjølvsagt skulebollane, wienerbrøda, fyrstekakene og mange, mange andre sortar.

Nutte og Daffa ynskjer alle hjarteleg velkomne.