Åmdalsrevyen: Grense Åmdalselv EKSTRAFRAMSYNING på Ørsta kulturhus

I pressemeldinga frå Åmdalsrevyen kjem det vidare:

"Etter at folk gjekk mann av huse i april for å få med seg storhendinga "Åmdalsrevyen 2015 Grense-Åmdalselv" der huset vart fylt til randen av hylande horder fleire gongar, laddar åmdalingane igjen med skarpt og set opp to ekstraframsyningar for å mette behovet. No har de altso sjangsen de som var for seine på avtrekkaren sist, her gjeld det å sikre seg billett før me er lens! Dette er kode raud! Me gjentek;-Kode raud! Dette er ingen øvelse! Billettsalet har starta!"

Etter 4 suksessframsyningar av "Grense Åmdalselv" til over 1000 publikummar i april på Åmdalen, vert det no to ekstraframsyningar på Ørsta kulturhus.

I tittelsketsjen har Åmdal rive seg lause frå storkommunen og danna eigen stat med grensekontroll på Høgebrua. Her kan folk frå nabobygdene få innblikk i kva som rører seg i haudet på Åmdalingane.

Hjørundfjordportalen har merka seg at det er henta mannskap, eller overløparar, frå den andresida av grensa til Hjørundfjorden, og det bør folk møte opp og følge nøye med i. Ein eller to kan tolast, men reiser fremste delen av Bondalen over, kan det ende med grenseflytting til fordel for Åmdalen.
Her nyttar ein ting: Møt opp og følg saka frå fremste benk!

Marit Brautaset er leiar for Åmdalsrevyen og gler seg no til å kunne vise fram suksessframsyninga som dei har laga. Det har vore stilt ein del år, men revyen er no tilbake for fulle hus. I revygruppa er det med 30 personar. I den to timar lange framsyninga er der 13 skodespelarar med okester.(Landet sitt beste)

-Dei som såg revyen på ungdomshuset vil få oppleve noko heilt anna på Ørsta kulturhus, der har dei jo stor scene og greier, seier Marit

– Vi trur det er ein del bygdefolk som vil kjenne seg att, og ikkje berre i Åmdalen, seier Marit Brautaset og Maria Hovdenakk til Møre-Nytt, to av dei som står på scena under årets revy.

Marit er sjølv med som skodespelar og har henta mykje inspirasjon frå arbeidsplassen sin i barnehagen. På dei første framsyningane i Åmdalen var nok ein del arbeidskollegar som møtte opp og følte seg litt usikker på kva som ville kome, men det gjekk bra. Alle kunne puste letta ut etter framsyninga.

11281731_954507807914573_873896271_n
Kånnj Tikkji, soga om kor Åmdalingane inntok og befolka Ørstavik (Jan Ole Valseth, Lovise Egge Åm Og John Magne Krøvel)

11287355_954506167914737_1035002250_n
Rånare våra med kjekse bakpå. (Arnt Egil Brautaset og Asbjørg Helen Mo Åm)

11292989_954508611247826_83071003_n
Publikum kan vente seg både songar og sketsjar om lokale og nasjonale tema. Det blåblå regjeringssamarbeidet er mellom dei som får gjennomgå.
Blåmalt (regjerings)Benk (Maria Hovdenakk, Christoffer Jensen, Lovise Egge Åm og Marit Brautaset)

11296585_954507117914642_711933819_o
Åmdal har rive seg lause frå storkommunen og danna eigen stat med grensekontroll på høgebrua. Vaktskifte ved Grense Åmdalselv (Jan Ole Valseth, Maria Hovdenakk, Petra Karin Krøvel og Marit Brautaset)

11348792_954511034580917_449469859_n
 Strikkeklubb med Jan Ole Valseth i lebestift og nettingstrømpe

Foto :Eli Anne og Ragnhild Tvergrov Skare

Åmdalsrevyen: Grense Åmdalselv EKSTRAFRAMSYNING

Ette myyykje røl å mas ta folk so vil sjå revye igjen, so he me bestemt oss førr å vise na et par gonga til!

3.juni kl 18.00

4.juni kl 18.00

Billettsalje he starta so no må di vere om dokke! Ditte verte siste sjanse til å få me sej flåteture på Grense Åmdalselv!
www.orstakulturhus.no og i døra på Kinokroa :)

Velkomne allje i hop!!