Skorgeura:

Vi samkjøyrer frå Sæbø kl 1730, måndag 4/5. Reknar med å parkere ved elva (Ovanfor vegen ved Stålindustri) og går derifrå ca kl 1800.

Turen vert opp på Leitet då det ligg enno mykje snøv innover dalen mot Skorgesetra.

Ein flott tur som går i fin rås, ikkje så lang med fin utsikt på høgda.

Laua:

Vi tek ferga frå Sæbø kl 1730, måndag 11/5, samkjøyrer til parkeringsplassen ved starten av Slogeråsa.

Dette er eit fint utsiktspungt på veg opp Slogeråsa.

På veg opp er der mange fine fotogene plassar!

Husk fergebiletten kostar nokre kroner.

Turen til Emblem:

Dette vert Torsdag 14/5 (kristi himmelfartsdag) Samkjøyring frå Sæbø kl 1225, vi tek ferga 1325. Ta med litt niste og drikke då dette vert ein litt lenger tur med reise og ferge.

Kvar turen går?

Her har eg overlete ansvaret til Fred, så eg gler meg!

VEL MØTT!

Måndagsturane startar vi med 18 mai, lista vert snart oppdatert på portalen , og plakatar vert sett opp på Sæbø, så ver klar!

Nytt i år er at vi har ein konkurranse på gong, dette vil du få høyre meir om seinare.

Allereide no må du sette av laurdag 13/6 då vert det tur til tua på Sæbøneset som Rune Sæbønes har tinglyst, vi voner at mange vert med å vil betale ein sum til kirkens naudhjelp i "startkontigent"

Møt gjerne opp Torsdag 30/4 kl 1400 ved skiltet på kaia, då vert det mange overraskingar.

Då vil vi håpe på godt turvêr og ein frisk og fjellrik sesong!