24. april nærmar seg med stormskritt, og det er igjen frist for å søke om plass til kulturskulen. Vi håpar mange har lyst å søkje på plass til hausten. Dersom elevgrunnlaget er stort nok, dvs. 4-5 elevar, og det treng ikkje vere på same instrument, kan vi få lærar til Sæbø. Vi ynskjer oss i hovudsak musikantar på kornett, althorn, baryton, trombone og tromme. 

Lenkje til søknadsskjema finn du her: 

http://www.orsta.kommune.no/kultur-idrett-og-fritid/kultur/kulturskule

I 2009 var korpset så heldige å få 25 000,- kr i prosjektmidlar frå Sparebank1 Volda/Ørsta.  Desse er øyremerkt til aspirantopplæring. Korpset har framleis midlar att. Dette fungerer slik at aspirantane må sjølve betale kulturskulen, men vil få tilbake heile beløpet frå korpset etter at det fyrste året er fullført med aktiv deltaking i undervisninga. Dei låner instrument frå korpset og må til gjengjeld hjelpe til med gevinstar, kaker og liknande når korpset arrangerer eitt til to arrangement i året.

IMG_0467

Ein flott gjeng med speleglade musikantar! (Foto:Oddhild Kalvatn)

Kvar Tysdag møtast heile korpset til øving mellom kl. 19 og 21. Då kan den som vil ta turen for å sjå om dette kan vere noko ein har lyst å vere med på. 

Vi vil gjerne at du skal bli en del av det fine miljøet i korpset vårt!


Kvart år viser korpset seg fram ved mange forskjellige anledningar. Dette er til dømes på basarar rundt om i bygda eller nabobygder, deltaking på gudstenester, julekonsert i kyrkja, lysmesse og julemarknad, korpsseminar, og ikkje minst på nasjonaldagen. Vi spelar musikk i mange ulike sjangrar :) Kanskje har du spelt tidlegare og lurer på å byrje igjen? Uansett om du er barn eller vaksen så vil vi gjerne høre frå deg!

Har du spørsmål, eller vil du bli musikant? Kontakt gjerne korpsleiar Oddhild Kalvatn eller nokon andre du kjenner i korpset.

Velkomen skal du vere til Sæbø skulekorps/generasjonskorps!


CDGoymedKorps