Handballgruppa kjem med ny flaskeinnsamling. I perioden torsdag 9 - onsdag 15 april vil blide handballspelarar kome rundt til alle husstandar i Bondalen, Sæbø, Urke og Øyelandet.
Vi har etterkvart vorte heilt avhengig av støtta vi får frå flaskeinnsamlingane. Vi har rekningar som må betalast og treng all støtte vi kan få. Pengane går til utstyr, turneringar og andre utgifter som fyl med det å drive ei hanballgruppe.
Vi takka for all støtte vi har fått tidlegare, og vonar at det vert mykje flaskar å finne denne gongen også :-)
Ha ei riktig god påske, hilsen styret i Handballgruppa.
Kommentarar