Klokka 1000 fredag den 20. mars opnar butikk- og kafèsjef Kanutte (Nutte) Strand dørene til Strands bakeri på Sæbø. Og då er også hyllene fyllte opp av ferske brød, ferske bollar, ferske wienerbrød, ferske skulebollar og mange andre ferske bakarvarer.
Fredag 20. mars klokka 1000 opnar Kanutte (Nutte) Strand dørene til Strands bakeri på Sæbø. Butikken vil då vere fyllt opp av ferske bakarvarer. |
Snart er det påske og dermed er det påskesesongopning hos bakeriet på Sæbø. Og sjølvsagt er også kafeen open. Dermed kan alle som vil ta seg ei lita kvild ta turen innom bakeriet og få både fersk mat og god kaffi eller anna drikke.
På kvardagane vil opningstidene vere frå klokka 1000 til 1630. Laurdagane vil bakeriet halde ope frå klokka 0930 til klokka 1500.
Men bakeriet vil som vanleg også vere ope alle helgedagar i påska. Då vil opningstidene vere frå klokka 1000 til klokka 1600.
Tips: Vil du ha også ha ferske brød til frysaren for tida etter påske? Då kan det vere klokt å ikkje vente til siste opningsdag med handel - då vert det erfaringsmessig tomt i hyllene heller tidleg på dagen.
Bakar Dagfinn (Daffa) og Nutte ynskjer alle hjarteleg velkomne til butikk og kafe.
Kommentarar