I høve 70-årsjubileet for freden ynskjer Sogelaget og Kulturvernlaget å skipe til ei utstilling med tema andre verdskrig i Hjørundfjorden.

Opninga av utstillinga vert lagt til Hjørundfjorddagane. Vi ser at andre verdskrig er eit tema som både unge og gamle er ganske interessert i. Stadig kjem det nye bøker med dette temaet og filmar som Max Manus og Tungtvannsaksjonen introduserar temaet for nye generasjonar.

Utstillinga har som mål å dekke mest mogleg av krigen slik han var for dei som levde i Hjørundfjorden og opplevde han. Vi ynskjer å formidle fakta og kunnskap om konkrete hendingar, skjebne og hendingar knytt til enkeltpersonar og ikkje minst fortelje om korleis kvardagen var for folk flest under krigen.

Tema kan vere:
Flyslaget i Hjørundfjord.
Bombing av båtar som søkte ly her.
Uteseglarar og anna militært peronell.
Motstandskamp.
Radiolytting og avis distribusjon.
Fangeleiren på Saltre.
Kvardagsliv: Kle, mat, leiker, pass, rasjoneringskort og liknande.

Med eit så vidt vinkling som utstillinga tek sikte på er alt av gjenstandar og historier velkomne og aktuelle. For å få denne utstillinga i hamn er vi avhengig av hjelp og tips frå personar i Hjørundfjord og andre som har tilknyting til fjorden. Det er gjenstandar frå åra 1940 - 1945 som er aktuelle.

Innlevering av tips kan gjerast her på portalen eller på facebooksida med tittel Hjørundfjordutstilling 2015.
Det kan og sendast tips pr. brev eller på e-post til: Alexander Riise Olsen, Øyragata 44, 6166 Sæbø. E-post: alexander.riise.olsen@hotmail.com

Det vert høve å levere inn gjenstandar frå 1. april og ut mai, med ynskje om så tidleg så mogleg slik at vi har god tid  planlegge og skrive om gjenstandane. Vi har og eit ynskje om å kunne fotografere og registrere gjenstandane slik at vi har den informasjonen til ettertid.

Gjenstandane kan leverast til følgande personar:

Bjørke og Storfjorden: Maria Nikkinen Rørstad, 90955661
Norangsfjorden: Helge Urke, 95334510
Standal og strendene: Jørund Standal, 91747878
Sæbø og Bondalen: Jon Urkegjerdet: 47600414 Og alex Riise Olsen 90645207

Viss nokon har interesse av å vere på å lage til utstillinga er dei sjølvsagt hjarteleg velkomne til det. Ta kontakt med Alexander, nummer står ovanfor.