Det vert ungdomskveld på grendahuset fredag frå 18.30 til 22.00. Dette er eit tilbod til ungdom i alderen 7 kl til 18 år om å samlast og ha det kjekt ilag.

Aktivitetane vi har er airhockey, biljard, bordtennis, og diverse spel (både tv-spel, brettspel og kortspel). Ungdommane skal ikkje ta med pc eller spelemaskinar sjølve.

spill

Inngongspengar : 10 kr  - og vi har open kiosk med chips, brus og anna snop.  

Vi henter og bringer til og frå fergekaia om det er behov for det (ring Gerd Sofie 92 83 57 86 for å avtale det). 

Dersom du er forelder til ein av dei aktuelle ungdommane og har lyst til å vere med ein kveld og hjelpe til, så berre gje beskjed til oss :)

Vel møtt til ein hyggjeleg kveld! :)